mandag 23. april 2018

Arnold Eidslott til minne

Eg har fleire gonger tidlegare skreve om lyrikaren Arnold Eidslott, ein av dei store i nyare norsk lyrikk. Han døydde 19.april snart 92 år gammal. Han debuterte i 1953 med diktsamlinga "Vinden taler til den døve", den siste diktsamlinga med den talande tittelen "Postludium" kom i 2012. Han skreiv etter det og så kanskje kjem det enno ei bok posthumt?
Arnold Eidslott var modernist, men hans tema var henta frå den store europeiske tradisjonen og alt var gjennomsyra av hans kristne livssyn. Han skreiv på inspirasjon slik han skildrar i eit av dei mest kjente dikta:

Et dikt er en rystelse
En vindrosse i blodet
Hvor kommer vinden fra
Skriv og vær lydig
Ingen kjenner strømmene
i luften og i havet
Et dikt er en ensomhet
Et bål på tundraen
En albatross i stuen
Uventet inn fra havet

Dei bibelske tema vender han stadig tilbake, dessutan historien både den velse individuelle hitorien og dei store verdshistoriske hendingane. Dette knyter han ofte saman på ein meiningsfull måte. Og så er slekta, barndomen , livet og døden der  som ein undertone slik som i Adagio:

Min barndom kommer tilbake
langt borte fra
med muslinger og måker
på den grå kyst
og havets lange klage
og husene av tømmer og de gamle
menn ved garnet og søvnen
under det salte gress


Fred over hans minne , han  som gav oss så mykje !



I 2016 kom eit utvalg av dikta hans redigert av barnebarnet Eivind Eidslott.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar