søndag 8. april 2018

Din stund på jorden

Den svenske forfattren Wilhelm Moberg ( 1898-1973) er vel mest kjent for romanserien om dei svenske utvandrarane til Amerika på 1800 talet som seinare vart filmatisert med Liv Ullmann og Max von Sydow i hovudrollene. Ei av dei siste bøkene hans var "Din stund på jorden" som og er filmatisert. Her handlar det og om eit utvandrar, den aldrande svensk-amerikananren  Albert Carlson som sit åleine på eit hotellrom ved Stillehavskysten i 1962 og ser tilbake på livet sitt. Det er eit liv der han aldri oppnådde det han ønskte, han har alltid følt seg heimlaus og livet har ikkje gjeve den meininga han søkte. Barndomen i Sverige ser han i eit idyllisk lys inntil den dagen storebroren  Sigfrid som han er sterkt knytt til, døyr. Minnet om broren som for alltid er 19 år, føl han resten av livet, og han vender stadig tilbake til det. Den døyande broren sier ein gong til han: " Ta vare på ditt liv ! Skusle det ikke bort! For nå er din stund på jorden!" Men det er det den aldrande Albert føler han har gjort. Han forlet barndomsheim og foreldrenes vonbrot, to mislukka ekteskap, lite kontakt med dei to sønene, eit yrkesliv som forretningsmann sjølv om det var ein akademisk karriere som historikar han drøymde om.

Eg les boka om igjen og det gjer like sterkt inntrykk som då ho gjekk som opplesing på NRK for over førti år sidan. Det er ein djup eksistensiell smerte i Mobergs tekst, men det er og ein positiv apell: bruk livet ditt, kast det ikkje bort! På slutten opplever Albert Carlson å forsonast med tilveret slik han vart forsona med den døyande faren mange år tidlegare.

"Og freden senker seg i min sjel: Også din tid er snart forbi. Men ingenting betyr  noen ting  når også dette som du i kveld hører og ser, en gang er forgått. Deretter finnes det intet som har betydning for deg. Du er ved begynnelsen, du er ved enden. Og for deg finnes det ingen begynnelse og ingen ende. I den forvissningen kan du være trygg. Her har du din trygghet."

Ein annan stor svensk diktar Pär Lagerkvist skriv og om dette:

"Engång skal du vara en av dem som levat för längesen.
Jorden skal minnas dig så som den minns gräset och skogarna,
det multnande lövet.
Så som myllan minns
och så som bergen minns vindarna.
Din frid skal vara oändlig så som havet."

Det er perspektivet som ikkje reknar med noko meir etter dette korte livet, og kanskje kan det moderne mennesket slå seg til ro med det eller kanskje ikkje ?

"Med Sigrids død slutter min barndom."  seier Alberte Carlson ein stad i boka. Likevel tek barndomen aldri slutt, det er dette mysterie-landet som ligg under alt anna ein opplever seinare i livet. Smertefullt eller godt, men alltid sterke sanseinntrykka som når han skildrar den første forelskinga, uløyseleg  knytta til vår og lukta av poplar. Kanskje er det og det siste ein ser når kvelden lukkar seg for siste gong? Jon Fosse skriv om det i diktsamlinga "Poesiar etter Henrik Wergeland":

Å HAN SMILER

han ser på huset
der han voks opp
slik det stod
då han forlet det som gut
dei same pærene på trea

og sjela hans er atter barn
i det han døyr










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar