fredag 2. februar 2018

Kyndelsmesse

Vi feirar i dag Kyndelmesse  eller Maria lysmesse til minne om at Jesus førti dager etter fødselen vart boren fram i tempelet  etter jødisk skikk. Dagen vart feira  alt på firehundre talet,i Roma vart det då arragert lysprosesjonar. Etter kvart utvikla det seg ein skikk med å innvia og velsigna lys  denne dagen, lys som  brukast rituelt resten av året. Festen  vart kalla Missa Candelarum (Lysmess),på norrønt vart det "kyndill", og av det kom navnet vi har brukt like opp til i dag, Kyndelsmesse. Dagen heng saman med julefeiringa og epifani,og er naturleg nok ei feiring av inkarnasjonen, men og av at Jesus tok  over tempelet og dermed innleia ei ny pakt. Kyndelsmesse er avmerkt på den norske primstaven og var lenge ein viktig minnedag. Dagen var avskaffa som  heilagdag i 1771, men har levd i folkedjupet  iallfall i Telemark og Setesdal, inntil  for få generasjonar tilbake.

I 1997 utropte pave Johannes Paul II 2. februar til ordenslivetsdag. Hensikten var å gje alle ordensfolk høve til i fellesskap å fornya sine løfter, men og gje alle truande eit høve til å reflektera over klosterlivet og  be  for dei som har valgt dette livet. Eigentleg minnest vi dagen kvar kveld når vi ber kompletorium med Simeons lovsong - Nunc dimittis (Luk 2.29-32)

Herre, no let du tenaren din
fara herfrå i fred,
slik som du har lova

For mine auge har sett di frelse,
som du har gjort istand
like for andletet på alle folk,

eit lys til openberring
for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.



Giovanni Bellinis (1430 -1516) skildring av "Framstillinga i tempelet" der Maria med Jesusbarnet
møter Simeon. Josef ser på i bakgrunnen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar