fredag 2. februar 2018

Herrens veje

Herrens Veje – anger og forsoning

I den danske dramaserien «Herrens Veje» som for tida går på NRK er det ein prestefamilie som spelar hovudrolla. Handlinga er satt på spissen og tildels  vippar det over i det parodiske, men  det er likevel ikkje til hinder for at serien  løftar fram viktige eksistensielle og etiske problemstillingar.

I ein scene blir den unge presten August tilkalla til ein eldre døyande mann. Mannen kjem med ei tilståing frå då han som ung arbeidde på Grønland, og ved eit uhell kom til å forårsaka ein manns drukningsdød. Han ser framleis for seg augene til den druknande, og høyrer skrika til enka. Dette har han bore på åleine heile livet, men no stilt overfor døden klarar han å leggja det fram for presten. August blir ståande taus og tafatt, kanskje avdi han sjølv nyleg har opplevd noko liknande i Afganistan,men kanskje vel så gjerne avdi han ikkje har ord og symbol som kan møta denne mørke vedkjenninga ? Mannen får brød og vin, men det slår meg at her er det noko som manglar. Det er eit fattigsleg tomrom som pregar denne scenen, mannens auge ber om noko meir. Som katolsk prest ville August hatt meir å gje den døyande, noko sakramentalt og objektivt uavhengig av hans eigne ord og handlingar. Nattverden – vandringsbrødet er viktig, men i tillegg kjem sjukesalvinga og ikkje minst skriftemålet – boten og forsoningas sakrament. Begge deler djupt forankra såvel i Bibelen ( Matt 16.19 ,Jak 5.14-15) som i kyrkjas tradisjon.

Den gamle mannen har heile livet bore på noko som har formørka tilveret hans.I møte med døden  vedkjenner og angrar han det mørke og vonde, men han blir ikkje møtt med det som kunne løfta børa av skuldrane hans og forsona han med seg sjølv, sine medmenneske og sin Gud. Det er ein sterk og vond scene, og byggjer opp under  mi store undring over korleis dei prostestantiske kyrkjene kunne gje avkall på den sakramentale forsoninga.

(Publisert i Vårt land 01. februar)


Morten Hee Andersen som den unge presten August I "Herrens veje".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar