søndag 9. juli 2017

Seljumannamesse

I går 8. juli feira vi Seljumannamesse til minne om Den heilage Sunniva og hennar følgesveinar, Om dette er historie eller legende er kanskje ikkje det viktigaste, men derimot at dette representarar noko av det aller første møte med kristendomen i Norge. Selje vart det første bispesetet og lenge stod skrinet med Sunniva her inntil det vart flytta til Bergen i 1170. Det forsvann under reformasjonen , men det betyr ikkje at Sunniva forsvann. Ho er med oss som vernehelgen også i dag !

                                Grotta der beina til Sunniva og seljumennene vart funne.


Selja


Ikkje vindkast og uroleg sjø mot Stadt
men havet krystallklårt og speglande
som ei flate vi kunne stiga ut på
gje oss på vandring mot horisonten
og gå dei i møte dei som kom over Nordsjøen
for over tusen år sidan
bore fram av trua og bølgjene
Den heilage Sunniva og Seljumennene
steig i land og vart verande
næra av vona og nåden
himmelen vida seg ut over dei
og over stormen, havet og fjella
heilt til det uskapte ljoset
braut igjennom og viste veg
for alle dei som kom etter
over havet eller langs ulendte stiar
for å æra skrinet med Sunnivas lekam
det som bar i fem hundre år
for så å dekkast med gløymsle
i fem hundre nye år
berre ein og annan vandringsmann
kom her i kuling eller solgylt sommardag
drakk av kjelda og det var nok
men så ein dag skulle det uskapte ljoset
på ny bryta igjennom og visa veg
til mysteriet så nært så levande
at vi berre kunne strekkja ut handa
og verta møtt av gjennombora hender
frå den andre sida
som eit forsiktig kjærteikn
som ein lovnad som ber gjennom natt og einsemd
aldri åleine den lange vegen heim.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar