søndag 23. juli 2017

Hardangerfjord

Ein kollega låner meg boka "Fram og tilbake til by`n - om HSD, langruter, lokalruter, båtar og stoppestadar"  av Harald Sætre . Her er mykje artig lokalhistorie frå ei ikkje altfor fjern fortid. Mest interessant er det ein sjølv minnest, til dømes "Hardangerfjord"  som gjekk i ruta Bergen- Kvinnherad -Odda og tilbake tre gonger i veka frå 1960 til 1981. Båten er bygd ved Stord Verft, maskinane frå Wichmann på Rubbestadneset, altå eit reint Sunnhordalands-produkt. For HSD var det ei stor investering på 4,2 millionar i 1959. Båten gjekk frå Bergen kl 19.00 måndag, onsdag og fredag, i Rosendal 23.15 og i Odda neste morgon 07.30. Ein kunne tinga lugar og vera utsoven til å ta Haukeliekspressen austover neste morgon. Om søndagen gjekk "Hardangerfjord" frå Odda 09.30, i Rosendal 1730 og framme i Bergen 21.45. Turen utover fjorden på søndagen var ei populær turistoppleving på 1960-70 talet. Etterkvart avtok persontrafikken, men Samferdselsdepartementet gjekk med på å oppretthalda ruta til 1981, året etter var det definitivt slutt og HSD selde båten til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, der fekk ho navnet "Firda". Dermed var ei tradisjonsrik rute historie, men i Rosendal er det nok mange som har minne frå søndagsettermiddagane når "Hardangerfjord" la til kai.                                                                                                                                                


                                "Hardangerfjord på veg inn til Rosendal"

                               Søndagsettermiddag, klar for å gå ombord i "Hardangerfjord"


                                                                                                                                                               Kanskje var du ikkje så gammal,men likevel kunne du hugsa desse søndagsettermiddagane for det som i dag synest svært lenge sidan. Solfylte augustdagar, klåre haustdagar med blikkstille sjø, sjeldan skodde og regn, slik opplevdest det iallfall.
Hardangerfjord på veg inn mot kaien i Rosendal, alt mange timar frå Odda og ut langs fjorden med fleire stopp undervegs,og enno litt over fire timar til båten er framme i Bergen.   Mange står ventande på kaien, ikkje berre reisande eller dei som tek imot eller seier farvel, men og dei som tek ein tur ned etter søndagsmiddagen for tidtrøyte. For enno er tida langsam og ein finn hugnad i slå av ein prat med kjente og ukjente, sjå kven som kjem og kven som reiser. Eit ønskje om god tur til dottera til naboen som er på veg ut i den store verda, verda som var så mykje større den gongen enn i dag. Borna som ivrig spring ned bakken til kaien etter å ha høyrt om den gode samaritanen på søndagsskulen, og så ete søndagsmiddag med heile familien samla, oksesteik med poteter og gulerøtter, gele til dessert.
Luka midtskips glir opp, landgangen lagt til, folk stig i land med alt sitt pikk og pakk. «Er ikkje da han som....», spørsmålet blir hengande i lufta. Er det sommar er det ofte ein del turistar, kanskje nokon som har gått over Folgefonna og kome ned i Odda, men dei føl vel vidare med til Bergen?        Og så ombord dei som har noko dei skulle ha gjort i Bergen neste dag, og så dei som hadde kjøpt seg feriehus ved fjorden og no skulle attende etter helgevitjing.                                                                                                                                                                                                                                         Skumrande haustdagar berre ein og annan fastbuande som har vitja bestemora i Jondal eller ein gammal onkel på sjukehuset i Odda. Til slutt studentar og skuleelevar som skal tilbake til auditorium og lesesal, alle med Bergans ryggsekk fylt med nybakt brød og jordbærsyltetøy frå mor heime.
                                                                                                                                                                   
Men tidene skifter, færre og færre tek båten frå Vågen i Bergen og inn til Kvinnherad og Hardanger om fredagskvelden, enno færre om måndag og onsdag. I 1981 er det slutt med passasjertrafikken, og året etter vert «Hardangerfjord» seld til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Sjølv om vegane enno er smale og svingete går det raskare med HDS sine bussruter. Siste buss går også seinare slik at ein får nytta meir av søndagen i Kvinnherad. Men når du løyser bilett luktar det ikkje sjø, og ingen pratesjuke menn med hatt og pipe står på haldeplassen. Det er heller ikke så mange solfylte august-ettermiddagar ved semesterstart, ja det kjennest mest som skodda og regnet har kome tilbake for å bli. Så blir du i stuss, opplevde du dette eller leste du eller vart fortald det ? Nei, det var på 1970 talet så det må då stemma!                                                                                                                           
                                                                                                                                                                                       

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar