søndag 23. juli 2017

Ingen tittel på grava

"Eg går lenger inn i skogen til eg ser ei klokke. Eit klokketårn i skogen. Framleis ikkje noko forklarande skilt, berre denne klokka på høge, mosegrodde bein. Og like bortanfor, ei inngjering. Her er det visst. Her er det! Eg løftar handa til ansiktet og dekkar munnen med handflata. Eg må stoppe det som vil ut, ein lyd, eller er det kvalme ? Hjarta slår nokre doble slag då eg går gjennom porten til gravlunden. For dette er ein gravlund. Sjølv om det berre står ei og anna oppreist gravstøtte her, kanskje fire til saman. Ellers er det berre flate steinar som ligg i graset, nokre med navn, fødselsdato og dødsdato, men ikkje noko meir . Ikkje noko kvil i fred, ikkje noko høgt var du elska, djupt blir du sakna, Ingen blomar, ingen kransar, ingen lys, ingenting. Kanskje eit og anna Gjemt, men ikke glemt på eit par av dei meir forseggjorte steinane. Eg pressar handa hardare mot munnen."

Slik skildrar forfattaren Marit Eikemo frå Odda det litt sjokkarta møte med gravplassen ved Valen sjukehus i Kvinnherad. Ho skriv om dette i essaysamlinga "Samtidsruinar" (2008) under overskrifta "Ingen tittel på grava", Det høver nokså godt i og med at Konrad Lunde som var mangeårig overlege og administrator ved sjukehus er gravlagd her saman med kona Borghild, også grava deira er ein enkel flat stein med navn og dato på. Overlegen og pasientane hans er like i døden. Nær to hundre menn og kvinner ligg gravlagt, dei fleste i anonyme graver. Sjukehuset vart oppretta i 1910 og alt same året fekk det sin eigen gravplass. Var bakgrunnen for det at bygdefolket ikkje ønskte at pasientane skulle gravleggast saman med dei ? Sannsynlegvis, i 1910 var fordomar og kunnskap omvendt proporsjonale når det gjeld psykisk sjukdom. Marit Eikemo knyter sitt møte med gravplassen til ei skildring av sjukehusets historie generelt, både dei mørke og lyse sidene. Til dei mørke sidene er det spesielt den omfattande bruken av lobotomi ho legg vekt på( bare Gaustad sjukehus utførte fleire lobotomiar), på den andre sida av vekstskåla det faktum at Konrad Lunde på mange måtar gjorde Valen sjukehus til ein mønsterinstitusjon. Det er alltid lett å vera etterpåklok og vurdere fortida, spesielt den nære fortida, utifrå dagens kunnskap! Ho skriv og ein del om forfattaren Olav H. Hauge som var innlagt på Valen sjukehus ei rekkje gonger, han kom seg gradvis kvar gong og var nok ein av dei som fekk god hjelp her. Knut Olav Åmås har skildra dette i detalj i biografien om den store diktaren frå Ulvik.

Eg hadde feriejobb ved Valen sjukehus fire sommarar på slutten av 1970 talet, det var på mange måtar sjokkarta lærerikt, men på ingen måte grunnen til at eg ikkje valde dette som karrierveg. Gravplassen til sjukehuset kan eg ikkje hugsa å ha høyrt om då, men har ei svak erindring om å ha høyrt at overlege Konrad Lunde var gravlagt saman med pasientane. Son til Konrad Lunde Tjerand Lunde overtok som overlege ved sjukehuset på byrjinga av 1970 talet, eg fekk eit udelt posistivt inntrykk av han desse sommarane på Valen. Til det kan ein leggja til at eg også kjent han frå før gjennom felles interesse for friidrett. Mange år seinare las eg Marit Eikemo sitt essay om sjukehuset sin gravplass og det gjorde sterkt inntrykk. Ein gong eg køyrer forbi må eg stikka nedom og sjå !
Nekrologen over Tjerand Lunde som döydde 5.juli i år 83 år gammal blir eit påskot til det.

Vi tek til høgre like før løa ved vegen som fører ned til Ekely, men finn ikkje gravplassen med det same og må spørja oss for. Over ei lita brua, eit par hundre meter på ein gjennomgrodd veg gjennom skogen så ser vi klokketårnet og porten som er løsna og rusten. Vi går inn, det er mjuk mose å trø på, tunge lauvtre omkransar gravplassen som nok blir liggjande i skuggen det m este avdagen. Her er ikkje mange gravsteinar, men eit par relativt nye. Langt dei fleste som ligg her er anonyme slik dei nok og var det då dei levde. Men det er ei anna stemning her enn på Kvinnherad kyrkjegard eller Pere Lachaise i Paris for å ta to nærliggjande døme, kanskje minner det litt om dei gamle jødiske gravplassane i Krakow og Praha. Her er fredfullt men  det er og noko anna, ja no kjem eg på det.  Det er den overveldande kjensla av at "Engång skal du vara en av dem som levat för längesen."  som den svenske forfattaren Pär Lagerkvist uttrykkjer det!








"Engång skal du vara en av dem som levat för längesen
Jorden skal minnas dig så som den minns gräset och skogarna,
det multnade lövet.
Så som myllan minns
och så som bergen minns vindarna.
Din frid skall vara oändlig så som havet."

Pär Lagerkvist: Aftonland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar