søndag 7. mai 2017

Mors hår var aldri kvitt

Paul Celan (1920-70) var tyskspråkleg rumensk jøde. Familien omkom i Holocaust men sjølv klarte han å rømma fra leiren og overlevde krigen. Han kom til Frankrike og debuterte som forfattar. Tematikken  hans er sterk preg av det han hadde opplevd. Hans meste kjente dikt er  Dødsfuge (Todesfuge) der han skildrar utryddinga av jødane. Han strekte språket til yttergrensa for å få fram det han ville inntil han ikkje orka meir og enda livet i Seinen femti år gammal.

OSPETRE, lauvet ditt blenkjer kvitt i myrkret.
Mors hår var aldri kvitt.

Løvetann, so grønt er Ukraina.
den ljosleitte mor mi kom ikkje heim.

Regnsky, kvi drygjer du yver brunnen ?
Den stille mor mi græt for alle.

Runde stjerne, du vind den gylte sløyfa.
Mors hjarte vart såra av bly.

Eikedør, kven lyfte deg av gangjarni ?
Den milde mor mi kan ikkje koma.

(Omsett av Olav H. Hauge)

           
                                       Auschwitz - minnesmerke med oske frå dei døde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar