søndag 21. mai 2017

Issadalen

"Han vendte tilbake drukken av inntrykk, først og fremst av skogsvåren, hvis skjønnhet ikke lå i noen enkelt detalj, men i det tusenstemmige koret av forhåpninger. I tretoppene, som spisset seg sorte mot solgladshimmelen, fløytet trostene sin melodi, og høyt oppe i luften brekte bekksinene lik lam som tumlet seg etsteds i det fjerne, bak det grønnrosa silkeskimmeret."

Slik opplever den 12 årige Tomasz våren i Issadalen i nobelprisvinnaren Czeslaw Milosz skilding i romanen "Issadalen" (Dolina Issy). Tomasz veks opp i dette  innsjølandet på grensa mellom Polen og Lithauen der Milosz skildrar ein barndom som også er hans eigen i tida like etter første verdskrig. Boka kom i 1955 og Milosz hadde då flykta frå det kommunistiske Polen til USA, og kanskje er det eit ikkje eit ubetydeleg element av heimlengt og nostalgi i boka.
Tomasz veks opp hos besteforeldrene, foreldrene driv sine prosjekt langt borte forhindra av grenser og krig til å henta han. Men det er ingen dårleg oppvekst for eit barn som er kjenslevart og glødande interessert i alt rundt seg. Issadalen er eit magisk univers, ei verd fylt med eventyr og urgamle myter der dei underjordiske vesenar er like verkelege som fuglane i lufta. Her er fortida like nærverande som no tida, dei eldgamle heidenske forestillingane ligg like under katolisismen. ( Lithauen skal ha vore eit av dei siste områda i Europa som vart kristna) "Ingen lever alene; man fører en samtale med dem som er gått forut, deres liv inkarneres i en, man stiger oppover en trapp og besøker i deres fotefar hver krik og krok av historiens hus."  
                                                                                                                                                                   Dette er og eit mulitikulturelt område som vekselvis har lege under Polen, Lithauen, Russland og Tyskland, Tomasz veks opp i den polske overklassen, omgjeve av Lithauiske bønder. Han får ein nært forhald til fleire av dei, og oppdagar gleda og spenninga ved  jakt, og nedturen når han ikkje klarer å treffa  rådyrbukken som kjem like mot han. Boka er sett saman av kapittel som dels skildrar Tomasz opplevingar og tankar, dels daglegdagse hendingar og meir dramatiske kapittel i dette vesle lokalsamfunnet langs den langsomt flytande Issaelva. Konfliktar, giftarmål, brann og sjølmord men og dei vakre stundene i naturen med vekster, dyreliv og årstidenes skifting. Naturen er nær, fortida er nær, augneblinken opnar seg utover mot  både det nære og det kosmiske. Karakteristisk nok blir
Melkevegen kalla Fuglevegen: "Melkeveien, som på disse kanter kalles Fugleveien, risset sine tindrende tegn på himmelvelvingen."

Men så er det brått slutt, mora til Tomasz dukkar opp og tek han med til byar langt borte. Kjem han nokon gong tilbake ? Vi augnar her litt av Milosz eige vedmod over eit barndomsparadis som for alltid er tapt (og det er det for oss alle !)
"Det gjenstår å ønske deg lykke til Tomasz, Din videre skjebne vil for alltid forbli gjetninger, for ingen kan vite hva den verden du er på vei mot, vil gjøre deg til ."




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar