lørdag 29. april 2017

Wadowice

Karol Wojtyla, seinare pave Johannes Paul II, sin fødeby Wadowice ligg omlag ein times kjøretur sør for Krakow. Her vart Karol Wojtyla fødd 18. mai 1920 og døypt i Mariakyrkja som ligg eit par meter fra barndomsheimen ein månad seinare. Foreldrene var Emilia og Karol Wojtyla Sr., ei søster døydde like etter fødselen, Edmund var Karols 14 år eldre bror. Oppveksten var prega av sorg og tap, mora døydde i 1929 då Karol bare var  bare 9 år gammal. På eit bilete frå førstekomunionen same år ser vi ein sorgprega liten gut. Broren Edmund utdanna seg til lege, men tragedien ramma familien på nytt då han vart smitta av skarlagensfeber og døydde i 1932 26 år gammal. Karol klarte seg til tross for dette svært bra, beste karakter i alle fag, flink i sport, ivrig ministrant, og viste tidleg talent både som skodespelar og poet !
I 1938 flytte Karol og faren til Krakow der han byrja på universitetet, men utdanninga vart avbroten av krigen eit år seinare. I 1941 døydde også faren og Karol stod att utan nær familie, men han hadde eit stort nettverk av vener. Under krigen vaks prestekallet gradvis fram og ein karriere som skodespelar vart lagt på hylla. Karol deltok på presteseminar i løynd og kunne presteviast like etter krigen i 1946. Han tenkte ei stund å bli karmelittmunk, men hans overordna såg nok at han var kalla til meir utandvendte oppgåver. Det viste seg at dei hadde rett, Karol Wojtyla fekk ein karriere i det kyrkjelege hierarkiet då han i 1958 vart biskop i Krakow og seks år etter erkebiskop. Dette meistra han som alt anna godt med sin bakgrunn både i akademia og som vanleg prest med særleg interesse for arbeid med ungdomar. Det siste kom også klårt til uttrykk etter at han vart pave og tok initativ til store samlingar for katolsk ungdom rundt om i verda (Verdsungdomsdagane).
Og så 1978 då han uventa vart vald til den første ikkje italienske pave på over 400  år. Resten er verdshistorie som vi alle kjenner.

Barndomsheimen til pave Johannes Paul " er i dag museum med utstillingar der vi føl Karol/Johannes Paul frå barndomen fram til helgenkåringa i 2014. Museet i si noverande form stod ferdig i 2014 og er uvanleg fint organisert. Her er alt frå hans karakterbøker til sportutstyr og pistolen frå attentatforsøket og jord frå ulike stadar han vitja ! Bilete, film og symbolske uttrykk gjer det heile levande. Etter å ha gått igjennom museet med ein fantastisk guide gjekk det brått opp for meg at Johannes Paul var ein heilt ekstraordinær mann, knapt nokon ved hans side i forige hundreår !


                                                    Maria basilikaen der han vart døypt  20. juni 1920

                                         På veg til valfartsstaden Kalwaria Zebrzydowska
                                          Johannes Paul  sitt skiutsyr
                                           Rekontruksjon av leiligheten der han vaks opp
                                                    Familiebilete og bøker
                                                   Gåve til førstekommunion 1929
                                               Utsikt til solur på kyrkjeveggen, "Tida går evigheten består"
                                          Den svarte Madionna, Czestochowa
                                                      Solidaritet og kommunismens fall
                                           
                                                   Kopi av Den heilage døra i Peterskyrkja
                                                    Kardinal drakter frå gravferda
                                                    Johannes Paul død 2005
                                         Barnsomsheimen i huset til høgre lengst nede
                                          Døypefonten der Karol vart døypt 20.juni 1920
                                          Interiør frå Mariakyrkja der han var ministrant .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar