torsdag 20. april 2017

Lyset frå påskemorgon

Påskemorgon, kva var  det som skjedde og som snudde livet opp-ned for dei som var vitne til den tomme grava? Frå å vera forskræmde og redde fornektarar av sin meister framstår dei som  fryktlause vitne som ikke er redde for å gå martyrdøden i møte.
" Og for det få vitnene var den -  nettopp fordi de selv ikke kunne fatte det - en så omveltende og virkelig hendelse, en så voldsom konfrontasjon at enhver tvil forsvant og de kunne tre frem for verden med en helt ny fryktløshet: Kristus er sannelig oppstanden." skriv pave Benedikt i sin trilogi "Jesus fra Nasaret". Oppstoda er heilt avgjerande for å forstå Jesus, om han bare var eller framleis er avheng av denne eineståande hendinga. Det er ein historisk hending men sprenger likevel historias fortolkning av  tid og rom. Pave Benedikt talar om eit ontologisk sprang som rører grunnleggjande ved vårt tilvære. For å illustrera dette ytterlegare nyttar han ord frå biologien og skriv om eit "radikalt mutasjonssprang" der ein ny dimensjon av livet stig fram, ein ny dimensjon av menneskeleg eksistens.
Evangelie-tekstane fortel ikkje noko  direkte om korleis oppstoda skjedde, vi møter hendinga inndirekte gjennom kvinnene som kjem til den tomme grava, og gjennom disiplane som møter den oppstandne Kristus. Han viser seg, men dei kjenner han ikkje igjen med det same før han talar eller held måltid med dei." Kom og få mat" (Joh 21.12) seier han og dei forstår at det er Herren.

Teologane gjer forsøk på å fortolka denne for kristendomen heilt avgjerande hendinga. Pave Benedikt prøver å oppsummera: Jesus vendte ikkje tilbake til eit vanleg biologisk liv for så seinare å måtta dø igjen, det er ein fundamental forskjell frå Lasarus og Jairus dotter. Jesus er inga ånd som eigentleg tilhøyrer dødsriket men som på ein eller annan måte kan visa seg mellom dei levande. Møte med det oppstandne  Kristus er heller inga mystisk erfaring, Paulus skil klårt mellom då han vart rykt bort til den ttredje himmel (2 Kor 12. 1-4) og møte med Kritus då han er på veg til Damaskus. Det siste er ei  historisk hending, eit møte med ein levande person.

Skildringa i evangelia av den tomme grava og den oppstandne Kristus gjev sterke peikepinnar på at dette er ei hending heilt utanom alt anna, men i siste instans kan vi vel bare møte dette slik apostelen Thomas gjorde då han til slutt vart overtydd og  uttrykte:" Min Herre og min Gud."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar