onsdag 29. mars 2017

95 årsdag

Min far Edvard(Eddie) Thorup fylte 95 år i går 28. mars. Dagen vart feira på Rosendalstunet, sjukeheimen i Rosendal. Han er prega av sin høge alder, men er oppegåande med preikestol, har god matlyst og godt humør. Han har eit langt liv med allsidige interesser bak seg.  Heile sitt liv leste han mykje, historie, filosofi, teologi, politikk og skjønnlitteratur. Mykje nytta han i det han sjølv skreiv, avisinnlegg, kronikkar, talar av ymse slag ikkje minst mange 17. talar og gravtaler. Han skreiv dessutan andaktar til lokalt bruk og til framføring i NRK radio.  Eit jubileumsskrift om Kvinnherad kyrkje som vart gjeve ut til 700 års jubileet i 1956 stod han og bak, lenge hadde han ei fast spalte i lokalavisa Grenda der han delte dikt av norske forfattarar med lesarane.
Folkebiblioteket var og eit av hans interessefelt i mange år . Han var  sterkt engasjert i det kyrkjelege livet i heimbygda, i mange år var han med i soknerådet dels som leiar og dels som vanleg medlem. Til slutt må ein nevna hans innsats som søndagskulelærar   på 1950 og 60 talet, mange som i dag er godt vaksne minnest han frå denne tida. Saman med mi mor Johanna var han med på å skapa ein vakker hage rundt heimen i Rosendal. Bygda er omkransa av Hardangerfjorden og fjella Malmangernuten og Melderskin , begge visste dei  å setja pris på fjellturar til dei var over sytti år.
I bilete under ser vi han som ung mann i 1953. Eit liv går så fort og som Hans Børli skriv i "Junikveld": Den er så svinnende kort den stund vi mennesker er sammen."



I diktet "Å bli gammel"  skriv den same Hans Børli:

" Det er grått å bli gammel,
ubotelig og ensomt
som reveskabb.
Og det verste er at
du aldri klarer å slite over
den langtøyde navlestrengen
som binder deg til dine unge år.

Plutselig kan du gripe deg i
å springe barføtt i graset
og hoppe i kåte sprett
over barndommens muntre vårbekker
skjønt du i virkeligheten sitter på en stein
og støtter haken til krokstaven
og kjenner slitasjegikta rive i
gamle, stabbetunge bein."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar