mandag 6. mars 2017

Verden fram til i går

Dei fleste av oss tek det moderne høgteknologisk samfunnet som ein sjølvfølgje, og få tenkjer på at slik har det vore bare ei veldig kort tid av menneskas historie. Vi levde som jeger-samler folk fram til jordbruksrevolusjonen for ti til tolv tusen år sidan, og mange held fram med å leva som tradisjonelle samfunn like opp til vår tid.
Jared Diamond (f.1937) er professor ved California universitetet og ein svært tverrfagleg orientert forskar og forfattar, med kompetanse både på antropologi, evolusjonsbiologi, ornitologi og geografi. Mange kjenner han frå boka "Våpen, pest og stål" som kom på norsk for ein del år tilbake. "Verden fram til i går"( The World Until Yesterday) med undertittelen " Hva kan vi lære av tradisjonelle samfunn". Diamond tek oss her med på ei spennande reise til folkegrupper som har levd på tradisjonelt vis til heilt nyleg, så nyleg at han sjølv i sitt forskningsarbeid har fått møta desse folkegruppene, hovudsakleg på Ny-Guinea. Det er naturleg nok dermed også ei reise i vår eiga fortid, til det som var livet til forfedrene våre gjennom titusenvis av år.
Diamond går systematisk til verks og tek for seg alt frå religion, språk, helse og oppfostring av barn til konfliktar og stammekrigar. Stammekrig er følsomt tema, men det viser seg at valdelege samanstøyt og drap var regelen heller enn unntaket, og valdeleg død var langt vanlegare i tradisjonelle samfunn enn sjølv i dagens storbyar. Dagleg livet har med få unntak vorte fredelegare for dei fleste av oss, noko som og er blitt framheva av professor Steven Pinker.(The better Angels og our Nature 2011)
Noko som gjer sterkt inntrykk er korleis tradisjonelle nomadiske stammesamfunn har handsame spebarn og gamle. Brutalt men ikkje ulogisk når ein tenkjer på at dei bar alt med seg frå leirstad til leirstad. Når den gamle ikkje lenger var istand til å halda følgje med flokken var det vanlegaste å la dei bli att på den siste leirstaden, enkelte folkegrupper tok direkte livet av dei gamle (jmfr. norrønt ættestupet). Barn vart tradisjonelt amma til dei var minst tre år og dermed blei  intervallet til neste graviditet 3-4 år, barnet var då istand til gå sjølv med resten av gruppa. Vart mora gravid og fødde før dette ville ho ikkje vera istand til å bera med seg både eit spebarn og ein 2-3 åring, og spebarnet vart då enten drept eller forsømt slik at det døydde. Ved overgang til jord brukssamfunn forandra dette seg drastisk, intervallet mellom fødslar gjekk ned og fødselstalet opp, men vi fekk smittsomme epidemiar som tok livet av mange spebarn.
Så fekk vi den gradvise utviklinga dei siste ti tusen åra fram til det høgteknologiske samfunnet vi har i dag, ei utvikling som som etterkvart har gått med eksponensiell fart. Men denne utviklinga gjeld ikkje alle, like til i dag har det eksistert samfunn som har levd på same måte som alle gjorde fram til jordbruksrevolusjonen, vi finne desse samfunna i det indre av Amazonas, på Ny Guinea og enkelte afrikanske stammesamfunn. Desse folka møter det moderne samfunnet og tek eit steg på titusen år i løpet av ein generasjon. Eit eksperiment som ofte har vist seg å gå galt ikkje minst helsemessig. Dei stammefolka Diamond møter vel likevel  den moderne livsstilen når dei får valget, det er tryggare, meir komfortabelt, ei kvinne frå Ny-Guinea framhevar anonymiteten ved livet i USA kontra stammesamfunnet. Men dei tapar noko på vegen, som ein afrikanar uttrykkjer det:" Livet i Afrika er materielt fattig og sosialt/følelsesmessig rikt, men livet i USA er materielt rikt men sosialt/følelsesmessig fattig." Vi er gjennom  hundre tusen år tilpassa til eit liv i små grupper der alle kjenner alle, møte med det moderne, anonyme storsamfunnet kan derfor opplevast emosjonelt skremmande for mange. Men dei fleste av oss er likevel i stand til å tilpassa oss og ta til oss det verda rund byd oss, ja vi er og istand til å vera kreative og by verda på det vi sjølv skaper. Kanskje er det akkurat denne evna som har gjort oss i stand til å spreia oss over heile jordkloden? Mange andre menneskegrupper tapte dette kapplaupet !

Har vi noko å læra av dei tradisjonelle samfunna spør Jared Diamond. Vi har alt vore inne på det sosiale/emosjonelle, det å vera knytta til ei gruppe der alle deler  alt med alle. Eit anna tema er kosthald, stammefolk har tradisjonelt hatt eit sukker og saltfattig kosthald, ved overgang til moderne vestleg kosthald utviklar dei livsstilsjukdomar i ekstrem grad.Her har vi mykje å læra. Menneska i tradisjonelle samfunn har stort sett tala fleire språk og forstått enno fleire, moderne forskning har vist at det er ein fordel for barn å vera to språklege. Religion har ein sentral plass i alle tradisjonelle samfunn, og då religion som ein felles ritus ikke som eit individuelt trusspørsmål. Religionen gjev svar på dei grunnleggjande spørsmål i tilveret, hjelper til å handtera vanskeleg og skremmande situasjonar, gjev ei meining i møtet med sjukdom og død. Religion har primært sin funksjon i ein sosial kontekst, religion knyter oss til Gud men vel så mykje til våre medvandrarar i denne merkeleg verda!
Jared Diamond har  med sine store kunnskapar og evne til å popularisera komplekse tema lukkast med å gje oss innsikt i andre fagområde enn våre eigne og dermed og ei større forståing av kva det er å vera menneske.

                                                               Landsby på Ny-Guinea



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar