mandag 20. februar 2017

Liturgi og teologi

Er det teologien som formar liturgien eller er det omvendt ? Det er ingen tvil om at då dei første kristne samlast var det ingen fasttømra teologi, det sentrale var ordet og måltidet(eukaristien). Teologien vaks fram gjennom hundreåra som følgde, og vart fastlagd gjennom kyrkjefedrene og dei økumeniske konsila. Sånn sett kan ein seia at teologien spring ut av liturgien og vert forma av den. Dette er nok ein mykje meir sentral tanke dei austlege kyrkjene enn i Vesten. Den ortodokse teologen Alexander Schmemann (1921-83) formulerte omgrepet liturgisk teologi som handlar om å føya saman det som tilsynelatande har utvikla seg i ulik retning, liturgi, teologi og personleg spiritualitet.
Liturgien er sentral for det er her det kristne fellesskapet kryssar over frå denne verda til den neste.
I liturgien er vi både til stades her og no men vi knyter oss samstundes til det som er på den andre sida og det som skal koma, "allerede no men enno ikkje." Vi må stiga opp til himmelen for å få del i den komande verda, men denne verda er alt kome til oss gjennom det inkarnerte Ordet. Denne antinomien er sentral i Schmemanns tenkning, ein kan halda fast på desse motsetningane utan å forsøka å velga mellom dei eller få dei til å gå opp i ei større eining.
Teologien er i dag primært ein intelektuell akademiske aktivitet, og er langt på veg fråkobla det som burde vera teologiens kjelde nemleg liturgien. Dette er kanskje aller mest tydeleg i protestantisk tradisjon der det mystiske elementet i gudstenesta har kome meir og meir i periferien.
Med Schmemanns ord er teologien ei karismatisk teneste, ei nådegåve  som blir født når dei truande samlast til nattverd. Teologi er ikkje ein doktrine, men ein levande relasjon til påskemysteriet : Jesu liv, død og oppstode.
Liturgi kjem av gresk leitourgia som tyder teneste for folket. Liturgisk fromhet blir då mysteriet som kjem til syne i våre liv, i vår teneste for andre. Når vi har feira gudsriket i liturgien kan vi gå ut og forma verda som vi er i men ikkje av.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar