mandag 13. februar 2017

Litanies a la Vierge noir

!936 er eit vanskeleg år for den unge franske komponisten Francis Poulenc, eit par år før har ei god veninne døydd brått og på veg til Pilegrimsstaden Rocamadour får han beskjed om at ein nær ven er drept i ei bilulukke på tragisk vis. Rocamadour lokalisert sentralt i Frankrike har sidan Mellomalderen vore eit pilegrimsmål, mange har oppsøkt Den svarte Madonna for forbøn og hjelp. For Francis Poulenc blir møtet Rocamadour ei avgjerande andeleg oppleving, alt same kveld byrjar han å skriva sitt "Litanies a la Vierge noir" (Litani til Den svarte Madonna) for kvinnestemmer og orgel. Det er hans første sakrale verk, frå før er han mest kjent som komponist av lettare underhaldningsmusikk. "Rocamdour hadde evne til å revitalisera mi barndomstru." skriv han seinare.

Francis Poulenc(1899-1963) vart fødd i Paris i ein velståande, katolsk familie. Faren var forretningsmann( Legemiddelfirmaet Rhone-Poulenc har sitt navn frå han), han hadde også tiltenkt Francis ein karriere i forretningslivet, men lik mange kunstnarar valde han ein annan  veg enn det foreldrene ønskte. Utan formell musikkutdanning byrja han likevel å komponera og fekk sitt først verk framført i 1917. Han var sterkt inspirert og personleg støtta av komponisten Erik Satie, men og sentrale franske forfattarar som Apollinaire, Eluard, Aragon og Eluard vart han kjent med, og han tonesatta fleire av deira tekstar.
Francis Poulenc var ein mann som det ikkje er så lett å setja i bås, hans komposisjonar varierte frå den lette underhaldningsmusikk til dei meste inderlege sakrale verk, han hadde stor humoristisk sans man fall ned i dei djupaste depresjonar, han levde ut sine homofile kjensler men fekk også ei datter i eit forhold like etter krigen. Han er blitt karakterisert som "halvt munk, halvt levemann". Mot slutten av livet vart det religiøse aspektet meir dominerande i musikken hans ikkje minst i hans Stabat Mater og Gloria og framfor alt i operaen "Dialogues des Carmelites" om karmelittnonnene som vart henretta under Den franske revolusjonen. (meir om det seinare). Lat oss først inspirera av den vakre "Litanies a la Vierge noir" og la det også bli vår bøn.


"Seigneur, ayez pitié de nous,
Jésus-Christ, ayez pitié de nous.
Jésus-Christ, écoutez-nous,
Jésus-Christ, exaucez-nous.
Dieu le père, créateur, ayez pitié de nous.
Dieu le fils, rédempteur, ayez pitié de nous.
Dieu le Saint-Esprit, sanctificateur, ayez pitié de nous.
Trinité Sainte, qui êtes un seul Dieu, ayez pitié de nous.
Sainte Vierge Marie, priez pour nous.
Vierge, Reine et Patronne, priez pour nous."
............................
(Herre ha miskunn med oss/Jesus Kristus ha miskunn med oss/ Jesus Kristus høyr oss/ Jesus Kristus bønhøyr oss/ Gud Fader, skaper,ha miskunn med oss/ Gud Sonen, frelsar,ha miskunn med oss/ Gud Den heilage Ande, heilaggjerar, ha miskunn med oss/ Heilage Treeining, som er ein Gud,ha miskunn med oss/ Heilage jomfru Maria, be for oss/ Jomfru, Dronning og Beskyttar , be for oss)




                                           
                                          Den svarte Madonna i Rocamadour

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar