onsdag 8. februar 2017

Radikalisering og norsk islam

Åsne Seierstads bok " To søstre " er ei sterk historie om unge norske muslimar som blir radikalisert og drar til Syria. Kveldens presentasjon av boka ved forfattaren på Stiftelsen Arkivet i Kristiansand blei for meg ei interessant oppfølging av gårsdagens seminar om ekstremisme og radikalisering.
Omlag 100 unge norske menn har dratt til Syria for å kjempe for den islamske staten, tilsvarande har omlag 10 kvinner lete seg inspirera av islamismen og tatt seg inn i Syria. To tenåringsjenter med somalisk bakgrunn blir vi blitt kjent med via Åsne Seierstads bok. Dette er ikkje store tall i forhold til
antall unge muslimar i Norge, men vekkjer likevel sterk uro.
Mange har interessert seg for dette og prøvd å analysere fenomenet, ein av dei som har markert seg sterkast som forskar og samfunnsdebattant på ekstremisme er førsteamanuensis Lars Gule. Han gav ei innsiktfull innføring i ekstremismens vesen både som eit deskriptivt og normativt fenomen. Deskriptivt kan ein sjå ekstremisme som eit sterkt avvik frå "vår beste kunnskap" om det som er det den observerbare og analyserbare røyndomen. Døme på det er konspirasjonsteoriar, tankar om skjulte planar og systematisk feilaktige påstandar om andres oppfatning. Normativ ekstremisme er sterk avvik frå våre best grunngjevne moralske, juridiske og politiske normer. Døme på det er når ein forkastar menneskerettar og demokrati.
Kva  karakteriserar den prosessen som fører fram til eit ekstremt synspunkt ? Gule ser for seg tre nøkkelmoment. For det første ei kognitiv åpning gjerne i form av opplevd urett mot seg sjølv eller andre og/eller livskrise, for det andre ei forklaring i form av teologi/ideologi og for det tredje eit fellesskap reelt eller virtuelt på nettet. Som oftast er det sterke kjensler blanda opp i dette, offermentalitet er sentralt, også avmaktskjensle ,  hevnlyst og hat mot Vesten og vestlege verdiar.

Mohammad Osman Rana er kjent som muslimsk samfunnsdebattant og forfattar. Boka hans  "Norsk Islam" som kom i fjor stiller spørsmålet: "Hvordan  elske Norge og Koranen samtidig?" Han har ein draum ,ein visjon, han vil utvikle ein norsk islam. Boka har skapt debatt, men av mange teke imot som eit alternativt muslimsk synspunkt. Unge muslimar er blir klemt mellom majoritetskulturen, miljøet heime og det islam dei møter i moskeen. For enkelt fører dette til uløyselege konfliktar, men mange klarer å tilpassa seg det norske samfunnet slik som Mohammad Usman Rana er eit godt døme på.
Finst det eit skilje mellom politikk og religion i islams historie ? Ja meiner Usman Rana, politisering av islam er eit moderne fenomen og viser til ulike teologar og tenkarar.
"Brann i islams hus", ja men korleis kan ein slukke brannen ? Er det grunn til å vera pessimist ? Det er naturlegvis eit delt ansvar, både det muslimske samfunnet og storsamfunnet. Usman Rana nevner teologisk og andeleg kamp mot puritanisme og politisering i islam  som sentralt. Meir sufisme foreslår han ?
Å uvikla ein vestleg muslimsk identitet, der ein liberal rettsstat kan forenast med islam. Viktig er og å kjempa mot antivestleg hat innad i muslimske trussamfunn. Leiarar og foreldre må passa på kor unge hentar sin informasjon, det finst mange nettstadar med ekstrem profil.
Kva er eit ikkje muslimske ansvar? Rana la her vekt på at ein ikkje må kjøpa IS  og  vel også vestlege høgrekrefters narrativ om ein sivililisasjonskrig mellom Vesten og Islam.  Ein kan ikkje sidestilla radikalisering med vanleg religiøs praksis, dette gjeld både muslimar og kristne. Vestleg politikk er naturlegvis ein sentralt tema som må problemtiserast sjølv om ein ikkje har ei konkret løysing.

Dialog er ikkje  alltid enkelt men kva er alternativet ? Anders Behring Breivik og Osama Bin Laden ?






                                          Lars Gule snakkar om ekstremisme


                                            Usman Rana: norsk islam

                                        Paneldebatt der og iman Mehdi Kastrati og professor Anne Ryen deltek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar