torsdag 29. september 2016

Mikkelsmess

I dag 29. september feirar vi det som frå gammalt vart kalla Mikkelsmess men og St.Mikaelsfest, Mikaeli eller Buferdsdagen. Dagen var heilagdag fram til 1770 og er i det siste igjen  teke inn i liturgien til Den norske kyrkja. Frå gammalt var det ein viktig høgtidsdag, men og ein viktig dag i den gamle årsrytmen, no skulle avlinga og dyra vera i hus, vinteren kunne trygt koma.

I katolsk tradisjon var dagen opprinneleg dagen for erkeengelen Mikael, dei to andre erkeenglane Rafael og Gabriel hadde andre festdagar, men frå 1969 vart desse slegne saman til ein minnedag for alle dei tre erkeenglane.
Erkeengelen Mikael (Kven er som Gud?) var etter tradisjonen leiar for dei englane som var trufaste mot Gud. Han leia dei i den sigerrike kampen mot Satan og er nemnt felire stadar i både Det gamle og Det nye Testamentet.

Gabriel (Guds kraft) møter vi fleire stadar i Bibelen. Han kjem med bodskapet til Sakarias om fødselen til Johannes døyparen, han viser  seg i ein draum for Josef, men aller viktigast er når han kjem med bodskapen til Maria og ho helsar han med det vi kjenner som Magnifikat.

Rafael (Gud har lækt) har og blitt æra frå dei tidlegaste tider særleg i Aust-Kyrkja. Han blir gjerne identifisert med engelen i Joh 5.4 som stig ned i dammen og rører opp vatnet  slik at den som stig ned i det blir lækt frå sjukdom.



"Havet bruste og jorden skalv da erkeengelen Mikael steg ned fra himmelen."

"Engelen Gabriel viste seg for Sakarias og sa:Din hustru Elisabet skal føde en sønn og han skal kalles Johannes."

"Jeg er engelen Rafael som står for guds åsyn, men dere, takk Herren og fortell om hans underverk."

(antifoner frå tidebønene)

1 kommentar: