fredag 23. september 2016

Padre Pio

Vi feirar i dag 23.september minnedagen for Padre Pio av Pietrelcina. Han døydde på denne dagen i 1968 og er ein av vår tids mest populære helgenar .
Padre Pio vart fødd i byen Pietrelcina nordaust for Napoli i 1887. Foreldrene var fattige og i oppveksten var han mykje sjuk. Alt som barn vist han seg som svært religiøs, og alt som femtenåring slutta han seg til kapusinerordenen. Han vart prestevia som 23 åring. Alt tidleg fekk han eit ry som ein heilag mann, då ei rekkje mirakuløse fenomen vart knytta til padre Pio. Det ein gjerne assosierar han med er stigmata, han fekk Kristi sårmerke alt under først verdskrigen og beheldt dei til sin dødsdag. Vel så viktig var nok det rykte han fekk som skriftefar og andeleg rådgjevar, hundretusenvis av menneske opplevde å få tilgjeving for sine synder og ein ny start i livet i møte med Padre Pio.
Vatikanet var i utgongspunktet svært skeptisk til dei mirakuløse fenomena knytta til Padre Pio, han fekk i periodar sterke avgrensingar på sin aktivitet og det vart planlagt å flytta han bort frå Pietrelcina. Det førte fleire  til store folkelege protestar ,og Vatikanet måtte gje seg  la han bli verande i heimbyen.
Under både første og andre verdskrig er det ei rekkje vitnemål frå soldatar som i kampsituasjonar hadde sett ein mann som dei seinare kjente igjen som Padre Pio.
I 1947 skal den då unge presten Karol Wojtyla seinare pave Johannes Paul, ha oppsøkt Padre Pio. Padre Pio skal då ha sett han for seg med kvite, blodige klede.
Ved eit anna høve skal ein av hans tilhengarar ha sagt til Padre Pio at han ønskte å bli ein helgen. "Eit frykteleg yrke, min son", skal Padre Pio ha svart.

Padre Pio var i si levetid ein omstridd mann, mange var svært skeptisk inkludert Vatikanet. Det vart hevda at han framkalte sårmerka sjølv med etsande væske og sånn sett ein humbugmakar. Grundige medisinske granskingar gav ingen god forklaring på sårmerka.
Etterkvart snudde også Vatikanet og i 2002 vart han heilagkåra av pave Johannes Paul. Meir enn 300.000 skal ha vore tilstades ved denne heilagkåringa og det understrekar kor populær han  etter kvart hadde blitt ikkje minst i heimlandet Italia. Pietrelcina har etterkvart blitt ein av dei viktig pilegrimsmål i Europa.
I vårt rasjonelle og sekulære land er det nok vanskeleg å forhalda seg til dei mirakuløse og overnaturlege sidene ved denne helgenen, og det treng vi vel heller strengt tatt ikkje. Vi kan velga å sjå  på dei mange som oppsøkte Padre Pio og opplevde at dei fekk hjelp av han. Dei er godt nok vitnemål om at han var ein heilag mann !



                                  Frimerke gjeve ut i samband med heilagkåringa av Padre Pio

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar