mandag 4. januar 2016

Syrias martyrar

Vi har nyleg feira minnedagen for Stefanus, Kyrkjas første martyr. Vi opplever i dag at Kyrkja har fleire martyrar enn på lang tid, ikkje minst i Syria og Irak. Når vi rundar nyttår går krigen i Syria inn i sitt femte år og situasjonen for sivilbefolkninga, ikkje minst den kristen minoriteten, er verre enn nokon gong. Mange er drept, og mange er flyktningar internt eller i nabolanda. Før krigen var omlag ti prosent av syrarane kristne, ingen veit kor mange som er igjen i landet i dag, men det er liten tvil om at ein stor del av dei er flyktningar. Dei som ikkje har flykta ser nok etter kvart dette som einaste utveg. Ekstra tragisk er det for armenarane som kom som flyktningar til Syria  etter folkemordet utført av tyrkarane under  første verdskrig. Mange av dei slo seg ned i Aleppo som no berre er ein ruinhaug. I dag opplever armenarane litt av det same som oldeforeldrene og tippoldeforeldrene gjorde for vel hundre år sidan !
På julafta hadde Washington Post ein artikkel om dei syriske flyktningane i Libanon, nær ein million syrarar er flyktningar i nabolandet. Journalisten møter ein familie som ser tilbake på julefeiringa i heimlandet. Dei går til messe, ønskjer naboane god jul, kjem heim til julemiddagen med familien, barna leikar rundt juletreet. Men dette er bare minne, det er ei tapt tid, for første gong på nesten to tusen år blir det ikkje feira julegudsteneste i mange landsbyar i Syria og Irak. Det er vanskeleg å finna ord for kor tragisk dette er ! Kva kan vi gjera ? Vi kan iallfall  minna om dette gong etter gong, og aldri gløyma dei forfølgde. Dessutan har forbøn gjennom heila Kyrkjas historie vore ei sterk kraft i kampen mot det vonde !

                                Syriske kristne feirar jul som flyktningar i Libanon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar