fredag 29. januar 2016

Poetica:Saulus på veg til Damaskus

"Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han. Han stupte til jorda, og høyrde ei røyst som sa: Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg ? "                  (Apg 9:4-5)
25.januar feirar vi minnedagen for Paulus omvending like utanfor Damaskus der han var på veg for å leggja kristne i lenker. Brått skjer det noko og livet hans blir snudd opp ned for alltid, og vel ikkje bare for han men for alle dei som  fekk bodskapen gjennom hans tale og brev.
I dag skaper Damaskus også andre assosiasjonar, ein av dei mest brutale og meningslause krigshandlingar verda har sett !




Vegen til Damaskus

I eit glimt det uskapte lyset
og så støv og blod
mørkre svir mot hornhinna
bileta sprekk i tusen bitar
der det i tida skal lyda
skrik og skotsalver.
Kven løftar då ondskapen
frå skuldrane dine ?
Kven let blikket ditt
sjå klårt igjen ?
Ikkje gårsdagen men framtida
der breva ber bodskapen uavkorta .
Kom lys, omskap vårt mørkre !




                            Caravaggios versjon av Saulus omvending ved Damaskus

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar