torsdag 9. juli 2015

Poetica:Palestinas lilje



                 Palestinas lilje
Bøygd under sandstorm
og brennande sol
lilja som spirte
mellom tornekratt og ørkenstein
brutalt rykt opp med blad og rot
aldri igjen skulle ho festast
i jord eller sand
likevel bera knopp og blom
næra av vatnet frå Karmelberget
og lyset frå Pinsefesten
men lilja vart såra
handflater og fotsåler gjennombora
sida verkande og blodig
gjennom mørkre og fortviling
men lovnaden svikta aldri.
Tidleg skulle  ho få kvila
i Palestinas jord ved Davids by
der Karmels røter igjen var planta
djupt i ørkesanden.
 Men du fekk synga  Mariam
som fuglen i lindetreet
songen om livet og kjærleiken
som ber over grenser og tungemål
gjennom tid og æve !






                     Feiring av dei  to nye palestinske helgenane.
                        

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar