fredag 31. juli 2015

Olav H. Hauge og Ulvik

Eg vender stadig tilbake til poeten Olav H.Hauge frå Ulvik i Hardanger, dikta hans er ei utømeleg kjelde til visdom. Det var difor ei ekstra fin oppleving å vitja Ulvik i sommar. Vi såg småbruket der han budde, grava hans, bautaen i sentrum der diktet "Ogmund rid heim" er hogge inn etter forfattarens eige ønskje, og ikkje minst Olav H.Hauge senteret der mellom anna hans rikhaldig boksamling er stilt ut.
"Gjer ein annan mann ei beine" er eit dikt som høver godt for illustrera turen vår. Eit bilete under viser det også i engelsk omsetjing. Diktet om katten er også vel verdt å ta med  slik det er vist på utstillinga.

"Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa
ut til Øydvinsto.
Og han var raust
og baud betal.

Men Osamannen
var ikkje fal.
Eg vil betala;
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.
So gjer ein annan mann
ei beine då,
sa Osamannen 
og skauv ifrå."

                                                    Diktarhøvdingen i Ulvik

                                          Gjer ein annan mann ei beine

                                                    Katten

                                                    Bautaen med diktet om Ogmund som rir heim til Ulvik

                                         Gravsteinen med den fine innskrifta

                                         Ulvik med Vassfjøro som Ogmund såg i det fjerne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar