lørdag 18. april 2015

Sacre Coeur

"Paris by night ", blikket løftar seg mot Montmartre høgdedraget med den opplyste basilikaen Sacre Coeur - Det heilage hjertet. Nattehimmelen, storbyen og det opplyste Gudshuset - så vakkert. Så kan vi dra opp dit i kveldstimane, sjå Sacre Coeur på nært hald, gå inn og vera tilstades. Etterpå eit betre måltid i nærleiken før vi tek drosje tilbake til hotellet.
Basilikaen på Montmartre er vigd til "Jesu Heilage Hjerte", ei andaktsform som kan førast tilbake til tidleg Mellomalder. Jesu hjerte blir nytta som bilete på hans omfattande kjærleik til menneska. På 1000 og 1100 talet var det særleg benediktinarane og cisternciensarane som nytta denne andaktsforma. I hundreåra som følgde finn vi element av dette hos mange mystikarar, og  i andre ordenar som jesuittar, karmelittar og birgittinarar. På 1600 talet var det særleg nonna Margareta Maria Alacoque som gjennom sine visjonar framheva andakta til Jesu hjerte. I 1856 stadfesta paven ein offisiell høgtidsdag, Jesu hjertefest - etter Pinse. Kort tid etter i 1873, vart Frankrike vigd til Jesu hjerte. Sacre Coeur på Montmartre vart påbyrja  i 1875 og fullført i 1914, men først innvigd etter krigen i 1919. Då basilikaen vart planlagt på 1870 talet var det med ønskje om ei andeleg og moralsk fornying av det sekulære Frankrike, men det hadde og ein politisk og nasjonal inspirasjon. 1871 romma så vel den fransk-tyske krigen med fransk nederlag, som Pariserkommunen med blodige kampar rundt Montmartre, og Sacre Coeur var også tenkte som eit minne om dette I dag er dette fjern historie og Sacre Coeur er turistattraksjon for dei som kjem her for å sjå storbyen, og pilegrimsmål for dei som kjem for å tilbe. Ein får tru at begge grupper reiser rikare heim!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar