mandag 27. april 2015

Paal-Helge Haugen 70 år - Til lukke med dagen !

Forfattaren Paal-Helge Haugen fylte 70 år 26.april. Han debuterte i 1966 med gjendikting av kinesisk poesi og i løpet av dei snart femti åra som er gått har han produsert over 40 bøker. Sjølv om det er lyrikken som har vore hans viktigaste uttrykksform, har han og skreve essay, barnebøker, romanar og libretto til opera og oratorium. Han har og hatt evne til å sjå utover litteraturen og knytt kontaktar og samarbeidd med så vel biletkunstnarar som musikarar og komponistar. Sånn sett har han nok nådd lengre ut enn dei fleste andre nolevande lyrikarar, og det er ikkje meir enn rimeleg at 70 års dagen vert tydeleg markert ikkje minst her på Sørlandet. Men for ein forfattar er det å runda sytti år noko som ikkje har så stor betydning, i eit intervju seier han at arbeidet held fram som før og han held på med fleire nye bokprosjekt.
Eg vart for alvor merksam på han som forfattar i 1990 då han gav ut diktsamlinga "Meditasjonar over Georges de la Tour ", boka vart og nominert til Nordisk råds litteraturpris. Desse dikta inspirert av den franske 1500 talls kunstnaren  vart ein syntese av biletkunst og lyrikk som opna ei heilt ny verd for meg. Den heilt spesielle skildringa av lys i nattemørkret som Georges de la Tour var ein slik meister i å få fram finn ein og i dikta til Paal-Helge Haugen. Då eg stod framom desse fantastiske bileta i Louvre hadde eg naturlegvis Paal -Helge Haugens tekstar i bakhovudet.
Ei anna bok som eg sette stor pris på er"Vidde" frå 1991 der han samarbeidde med kunstnaren Gunnar Torvund. Boka skildrar Setesdals heiane slik eg sjølv har opplevd dette landsskapet, lært det å kjenna  og vorte glad i det.
I 2009 kom boka "Kyst.Sør" der han skildrar Sørlandskysten. Eg tek med to vårdikt som innleiar denne boka:

" Våren på venger
frå sør

Havsula inn frå havet
Ein dansar under himmeltaket
åleine med sin dans

Morgonen ned
over uthamnene
Ein grålysande veng
med kantar av karmosin

Eit reisverk i gyllen luft
ført opp av ei stigande sol

Morgonens stolpar og bjelkar
for å bera dagen."
.....................................................

"Ein koboltblå kveld
i den umerkelege overgangen
mellom vår og sommar

Ei krusing over vatn
på veg inn
i den næraste natta

Ei kviskring
under pusten"

Til lukke med dagen. Vi ser fram til fleire bøker !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar