lørdag 18. april 2015

Folkemordet på armenarane

24. april er det 100 år sidan det ottomanske regimet gav ordre om at eit hundretalls armenske leiarar skulle arresterast og seinare henrettast.  Det vart starten på det som mange i ettertid har karakterisert som folkemordet på armenarane. I perioden 1915 -1920 vart 1,5 millionar armenarar drept eller foredrevne. Ei rekkje land har offisielt karakterisert dette som folkemord , men ikkje den norske regjeringa. Pave Frans gjekk nyleg ut og brukte ordet folkemord (genocide) om tyrkarane sitt drap på armenarane, det skapte skarpe reaksjonar frå tyrkiske styresmakter som trekte tilbake ambassadøren  i Vatikanet.
24.april vert folkemordet minna i Armenias hovudstad Jerevan utan representantar for den norske regjeringa til stades, men armenarane har ikkje gløymt Norge og Fritjof Nansens innsats for denne folkegruppa. Kvar 24.april møtest armenarane i Norge ved grava til Nansen på Polhøgda  for å heidra han som gjorde så mykje for dei. I Kragerø finn vi minnesmerke over ei norsk kvinne som og gjorde ein stor innsats for det armenske folket. Bodil Bjørn var misjonær og sjukepleiar, ho vart ståande midt opp i overgrepa mot armenarane og er ein av dei som har har bidrege mest til dokumentasjonen av folkemordet. Minnesteinen over Bodil Bjørn kom frå armenarane i Aleppo der ho dreiv ein barneheim for armenske flyktningebarn. I dag er det knapt nokon armenarar igjen i Tyrkia, landet er 99% muslimsk. Mange flykta til Aleppo i Syria, men er no på ny fordrevne av islamistane i IS.
Overgrepa mot armenarane var det første store folkemordet på 1900 talet, seinare følgde nazistanes og kommunistanes myrderiar. Det er viktig at ikkje kunnskapen om dette forsvinn i historias mørkre , og slik  like pave Frans kan  stilla oss solidariske også med forfølgde armenarar i dag.

                                Pave Frans og leiaren for Den armenske kyrkja  Karekin II

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar