torsdag 1. januar 2015

Første nyttårsdag: "Singet dem Herrn ein neues Lied !"

Det er juledag 1999 i Hederkirche i Weimar. Eit nytt millenium er bare eit par dagar unna. Dirigenten John Eliot Gardiner har med seg Monteverdi koret og English Baroque Soloists i eit spesielt prosjekt.
Det er 250 år sidan Johan Sebastian Bachs død, og dei tek sikte på å framføra alle Bachs kantater i løpet av året. Nyttårsafta 2000 framfører dei kantatene for søndag etter jul i St. Bartholomew kyrkja i New York og er dermed i mål. Det er minus ti grader, dei opplyste trea langs Park Avenue er tunge av snø og John Eliot Gardiner beskriv stemninga som magisk når dei fullfører dette musikalske prosjektet som han og ser på som ei pilegrimsreise. Ei pilegrimsreise gjennom kyrkjeåret med "Den femte evangelist" - Johan Sebastian Bach som vegleiar.
Den siste kantaten er "Singet dem Herrn ein neues Lied" som vart komponert for dagen i dag første nyttårsdag for 290 år sidan i 1724.
Den byrjar slik og er ein fin innleiing til året 2015:

"Singet dem Herrn ein neues Lied !
Die Gemeine der Heiligen soll ihn loben !
Lobet ihn mit Pauken und Reigen,
lobet ihn mit Saiten und Pfeifen !
Herr Gott, dich loben wir !
Alles, was Odem hat, lobe den Herrn !
Herr Gott, wir danken dir !
Halleluja !"

( Syng ein ny song for Herren !
La dei heilages forsamling lovprisa Han !
Lov Han med trommer og dans !
Lov Han med strenger og fløyte !
Herre Gud, deg lovpriser vi !
Alt som har ande, lovpris Herren !
Herre Gud, vi takkar deg!
Halleluja !)

https://www.youtube.com/watch?v=SO2qmc1axqY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar