onsdag 22. oktober 2014

Jøde - eit skjellsord ?

" Sammen med "homo" og "hore" er "jøde" det vanligste skjellsordet i norske skolegårder", seier forstandar i Det mosaiske trussamfunnet Ervin Kohn i eit intervju med Aftenposten. Det var det neppe for få år sidan og avspeglar vel den aukande antisemittismen vi opplever i heile Europa i dag, Norge ikkje unnateke.
Svært mange jødiske skolebarn vågar i dag ikkje å visa at dei er jødar, det gjeld ikkje bare i Polen, Ungarn og Belgia men og i Norge. Ei undersøkjing for eit par år sidan viste at ein av tre jødiske ungdomsskoleelevar i Oslo vart mobba og opplevde å få slengt "jøde" etter seg som skjellsord. Mange lærarar bagatelliserte dette, ein rektor hevda at det ikkje var forskjell på å bli kalla "en jævla jøde" og "en jævla vestlending".
Ei fersk undersøkjing frå  Anti-Defamation League viste at 15% av nordmenn har klare antisemittiske
oppfatningar. Det utgjer meir enn ein halv million menneske, langt mindre enn i land som Frankrike, Poelen og Ungarn men meir enn i Sverige og Danmark. I 2006 vart det løsna skot mot synagogen i Oslo, det viser seg at 4% av nordmenn forsvarar denne handlinga. Desse personane trur ofte på  konspirasjonsteoriar og stereotypiar om at jødane styrer verdas finansmarknadar og etter kvart vil ta over verdsherredømet. I dette biletet blandar ein og inn israelsk politikk og dei siste krigshandlingane i Gaza. Mykje av dette svarar til det som over hundre år sidan vart uttrykt i "Siona vises protokoller", ei bok som i dag  er populær i mange land, ikkje minst i Midt-Austen.
Frå fleire hald vert det hevda at muslimsk innvandring har ført til auka antisemittisme. Ervin Kohn går i rette med denne forklaringa, men han innrømmer og at antisemittisme er utbreidd i mange muslimske miljø. Malmø er ein til dømes ein by jødar flyttar frå avdi dei føler seg sterkt pressa av muslimske grupper. Men dessverre er det slik at jødehatet har følgd den vestlege verda i over 2000 år, lenge før vi fekk muslimske innvandrarar. Jødehat treng heller ikkje jødar for å haldast levande, Polen er eit døme på det.
Kva lærer norske elevar om antisemittisme ?  Harald Syse ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL senteret) har gått igjennom norske lærebøker både for ungdomsskolen og vidaregåande som vart teke i bruk etter Kunnskapsløftet i 2006. Han fann at antisemittisme for det meste vert framstilt som nazistisk rasehat. Han oppsummerar det slik:" En svakhet ved alle læreverkene er at alt så å si stopper ved Auschwitz. Etterpå er det bare et stort vakuum."
Historikar Guri Hjeltnes finn og at antisemittisme er noko som høyrer heime i historiefaget, og ikkje i samfunnsfag eller  RLE fag.
Det viktigaste middelet mot fordomar og konspirasjonsteoriar er sakleg og oppdatert kunnskap. Vi må naturlegvis halda minnet om Holocaust levande, men vi må og får fram at jødehatet definitivt ikkje er noko som bare  høyrer historia til. Oppdaterte lærebøker og lærarar som tek dette på alvor bør vera ein sjølsagt del av dette arbeidet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar