tirsdag 14. oktober 2014

Tautra

Eg har skreve om cistercienserklosteret på Tautra tidlegare. Då kom vi berre på ein kort dagsvisitt, denne gongen fekk vi høve til å vera her fleire haustdagar, og roen kunne siga inn over oss. Sancta Maria de Tuta Insula, Mariaklosteret på den trygge øya, slik såg munkane i middelalderen det då dei kom her og grunnla det første klosteret  Maria bodskapsdag 25. mars  1207. Tautra var cistercienserkloster nr. 552, det betyr at i løpet av 109 år frå ordenen vart oppretta vart det grunnlagt 552 kloster over heile Europa. Ein fantastisk ekspansjon ! I dei neste hundreåra var klosteret eit andeleg sentrum i Trøndelag, men  i tråd med cisterciensk tradisjon også eit felleskap som bar med seg praktisk kunnskap om jordbruk, fruktdyrking og fiskeri, og formidla det til lokalsamfunnet. I 1531 etter reformasjonen vart klosteret nedlagt ,og i dag er det berre ruinane etter klosterkyrkja som står att.
Så skjer det utrulege at etter 468 år kjem cisterciensarane attende til den trygge øya, Tautra. Sju nonner frå Mississippi Abbey i USA kjem i februar 1999 til Tautra og grunnlegg eit nytt Mariakloster her. Først bur dei i tre vanlege hus, men i 2007 står det nye klosteranlegget ferdig. Det er eit spesielt bygg som har fått fleire arkitektoniske prisar. Bygget framhevar lyset og naturen her ute. Klosterets kyrkje har bak alteret ein glassvegg der in ser mot naturen og fjorden utanfor. Det er ei fantastisk oppleving å sitja her i dei tidlege morgontimane, og sjå på stormen som piskar bølgene på fjorden der ute, medan søstrene syng sine tidebøner.
Brødrene og søstrene i cistercienserordenen praktiserar tidebønene strengare enn dei fleste andre ordenar. Sju tidebøner  frå vigilien kl 04.20 til dagens avslutning med kompletorium kl 1930. Dagen er inneslutta i dei liturgiske bønene ved sida av det pratiske arbeidet som på Tautra er produksjon av såper, hudkremar og oljer.
Det er godt å vera her; å stå opp grytidleg i mørkret og vinden til vigilie, å gå langs stranda i regn og storm til dei gamle klosterruinane, å kjenna på ein levande snart tusenårig tradisjon, og ikkje minst sjå fram til neste vitjing til den trygge øya i Trondheimsfjorden.

                                          Ruinane av den gamle klosterkyrkja på Tautra
                                          Inngongspartiet til det nye klosteret
                                         Klosterkyrkja

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar