tirsdag 1. juli 2014

Utsyn


Utsyn

Som når du stoppar opp

øvst i brattaste lia

for å trekkja pusten

der livet brått vidar seg ut

og det er som du flyt vidare

lydlaust over moltemyrar

og sølvglinsande fjellbjørk

når sola står høgst i sør

over dansande myrull

og vierkratt

du eig ein kosteleg skatt

eit minne å bera under hjarta

nærast det du trur på.

Kva gjer då skrubbsår og ryggverk ?

 
 

 

Juni 2014

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar