torsdag 31. juli 2014

Vidda, pilegrimsvandring og Birgitta.

Når ein går over fjellviddene har ein som oftast eit mål, ein topp, ei hytte, eit spesielt landskap. Reiser ein på pilegrimsferd har ein og eit mål i meir religiøs forstand, Nidaros, Selja, Santiago, Fatima eller kanskje Roma.
Målet er ulikte men prosessen med å vera undervegs treng ikkje vera det. Når eg går  gjennom Setesdalsheia eller  over Hardangervidda er det ein slags meditasjon fokusert både på det storslåtte i landskapet og dei små detaljane i flora og fauna.
23. juli feira vi minnedagen for Den heilage Birgitta av Sverige (1303-73).Birgitta var absolutt ein pilegrimsvandrar heilt til slutten av livet. I 1341 - 42 drog ho og mannen Ulf ut på den lange og slitsame ferda til Santiago de Compostela i Spania, og før det hadde dei vore i Nidaros ved Olav den heilages grav. Ulf døydde kort tid etter Spania turen, og Birgitta drog til Roma der ho vart verande resten av livet avbrote av ei siste pilegrimsferd i 1371-73, denne gongen over sjøen til Det heilage landet. Ho vart følgd av dottera Kristina og sonen Karl som døydde undervegs. Dei kom tilbake våren 1373, Birgitta var gammal og sliten og døydde alt 23. juli dette året. Som ei siste pilegrimsferd vart ho boren heim til Vadstena der kista kom 4. juli året etter. Då var ho heime både i konkret og andeleg forstand, ho var ikkje lenger ein pilegrim.
Men vi held fram vandringa i natur eller by- og  kulturlandskap i vissa om at vi alle bare er pilegrimar her i dette livet som Teresa av Avila uttrykkjer det.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar