torsdag 4. juli 2013

Poetica:Ved Bergsøydevatn


                  Ved Bergsøydevatn ein sommardag.
Junimorgon med regnbyger og skodde
berre lette krusningar på vassflata
lia på nordsida enno merkt med snøflekkar frå i vinter
vi skimtar dei så vidt gjennom skodda
no skulle vi hatt ein båt å skuva utpå
leggja årene i vasskorpa
og med lange  seige åretak nå den andre sida
men her finst ingen båt og ingen vi
ventande der morgon blir til dag
snart tetnar skodda  og løyner andre sida
strand og li forsvinn og dag blir kveld.

(Juni 2013 Bergsøydevatn i Setesdal Vesthei)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar