torsdag 4. juli 2013

Poetica:Morgon på heia

Morgon på heia.
No  spelar ljos i frå austleg lei
no  leikar fivreld i vierkratt
vi vaknar opp til så ven ei hei
der dag gjev lovnad om ukjent skatt.

Vi opnar døra med lette steg
og trør så varleg på doggvåt jord
då syner vinden oss klårt  ein veg
der verda kviskrar med milde ord.

(Juli 2006 og 2013)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar