fredag 14. juni 2013

Det heilage hjertet

Festen for Jesu  heilage hjerte eller Jesu Hjertefest som den og blir kalla, blir markert fredag nitten dagar etter pinsesøndag( forige fredag). Ei andaktsform som knyter seg til  Jesu heilage hjerte kan førast tilbake til Mellomalderen og særleg dei benediktinske og cistercienske klostera (Bernhard av Clervaux og Anselm av Canterbury). Mystikarar på 15-1600 hadde visjonar knytta til Jesu hjerte, og i 1856 innførte Pius IX ein festdag for heile Kyrkja som populært  har vorte kalla kalla Jesu Hjertefest. Det mest synlege uttrykket for denne andaktsforma finn vi i dag på Montmartre i Paris, der synet av den kvite Basilique du Sacre-Coeur (heilage hjerte) strålar mot oss.
Også i Karmelittordenen  har Jesu heilage hjerte hatt ein viktig plass.
Legkarmelitt  Johan Bergstrøm-Allen skriv: " Den karmelittiske innsikt i det menneskelege hjertets  plass i Guds plan for verda er mange hundre år gammal. Eit av dei viktigaste dokument i Karmels spiritualitet," Dei ti bøkene" ( som inkluderar den mest kjende delen: Dei første munkanes bok), vart skreve av ein karmelittbror, Felip Ribot, omkring år 1385. I  begynnelsen av teksten slår han fast:" Dette livet har eit tosidig mål. Det eine kan vi, med hjelpe av Guds nåde, oppnå gjennom eigne anstrengningar og eit rettvist levesett. Det inneber at vi tilbyr Gud eit reint og heilagt hjerte, fritt frå alle slags synd. Eremittlivets andre mål er noko som vi bare kan få som ei rein gåve frå Gud. Det betyr at vi, ikkje først etter vår død men alt i dette dødelege livet, i vårt hjerte får smaka noko av Guds nærvers kraft og den himmelske herlegdomens gode, og dessutan får erfare dette i vår ande. I Ribots tankegong er menneskets hjerte staden  for relasjonen til Gud og samarbeidet med Han."

Karmels store helgen  Therese av Lisieux skriv og om dette i eit dikt til Jesu  hjerte frå 1895:
"Jeg trenger et hjerte som brenner av ømhet
Som alltid er en støtte for meg
Som elsker alt i meg, også min svakhet....
Og ikke forlater meg, hverken dag eller natt
Jeg kan ikke finne noe skapt vesen
Som elsker meg for alltid, som aldri kommer til å dø
Jeg trenger en Gud som tar på seg min natur
Som blir min egen bror og kan lide som meg."






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar