torsdag 6. oktober 2011

Poetica:Jacqueline du Pré

Jacqueline du Pré (1945-1987)  er på mange måtar blitt ein mytisk person , løfta opp frå det trivielle og inn i det tidlause. Vidunderbarnet med ein strålande karriere som cellist framom seg. Ho vart også hylla som ein av dei største i forige hundreår. I 1971 viste dei første teikn på sjukdomen seg og i 1973 måtte ho gje opp musikkarrieren. Ho døydde 14 år seinare bare 42 år gammal etter ein lang og smertefull sjukdomsperiode. Geniet som døydde tidleg lik mange store komponistar og musikarar før henne. Det geniale med eit bakteppe av tragedie og død, kanskje er det det som fascinerar oss og samstundes gjer oss urolege ?
Men det er også musikken, denne fantastiske framføringa av dei store verka for cello, ikkje minst Edward Elgars cellokonsert som er det musikkverket dei fleste forbind med Jacqueline du Pré.  Ho framførte det første gong i 1959 og seinare ei rekke gonger inn til ho i 1971 byrja å mista kontrollen  over kroppen.
Eg lyttar til ei innspeling frå november 1970 med  ektemannen Daniel Barenboim som dirigent. Jacqueline er 25 år, enno frisk, genial i si framføring men om kort tid ventar smerten og hjelpeløysa.




http://www.youtube.com/watch?v=JVTe8Zm1Xrk





                                                                  
                                                    Til       Jacqueline du Pré
                         November 1970
Edward Elgars cellokonsert
som alltid med eleganse og virtuos innleving
er det likevel  eit glimt av smerte
når du fører bogen over cellostrengane
ein underleg uro
eit svakt sting i hjarta.
Feller celloen tårer
vi prøver å tørka bort tiår seinare
og rører varsamt ved lidinga som venter
men denne novemberkvelden
framom eit lydhøyrt publikum
tapet mørkt og uforløyst
tanken skjelvande  hjelpelaus
men musikken overskridande
tidlaus.









Rosa oppkalla etter Jacqueline.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar