søndag 30. oktober 2011

Firenze

Firenze i slutten av oktober. San Marco er eit av byens mange renessanse byggverk, kyrkja frå midten av 1400 talet og dominikanerklosteret som no er museum. Som det meste i Firenze er også San Marco full av historie og kunstverk. I eit sidealter i kyrkja finn vi relikviane til St.Antonius som var biskop i Firenze midt på 1400 talet, cella til fanatikaren Savonarola er bevart i klosteret. Her finn vi også cella til Cosima de Medici, fyrsten som av og til trakk seg tilbake til einsemda i klosteret. Men det som gjer sterkast inntrykk er Fra Angelicos meir enn 30 fresker framstilt på klosterveggene.

Vi går langs søylegangen og får auge på hans storslåtte framstilling av korsfestinga som vist ovanfor. Kunstnar og dominikanarbror Fra Angelico arbeidde på desse freskene i nærare ti år,  broren Benedetto som også var kunstnar hjelpte han i periodar med arbeidet. Fra Angelico levde frå 1387 til 1455, han vart saligkåra av pave Johannes Paul i 1984.

Når vi kjem opp trappa til dormitoriet med munkecellene er det første som møter oss hans kanskje mest kjente bilete, engelen Gabriel med bodskapen til Maria. Magnificat i biletleg form.


Går vi  vidare langs cellene i dormitoriet får vi med oss det mest av dei sentrale evangeliske hendingane, eit i kvar celle som det under som framstiller Bergpreika.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar