onsdag 12. oktober 2011

Marina

Den store russiske forfattaren Boris Pasternak døyr 30.mai 1960 på datsjaen sin Peredelkino. I brystlomma hans på venstre side like over hjertet er det ein konvolutt med påskrifta "Det kjæraste". Inni konvolutten er det to brev, slitt og nesten oppsmuldra. Det eine er frå poeten Rainer Maria Rilke, det andre frå poeten Marina Tsvetajeva( 1892-1941). Begge er døde for lenge sidan, men minne om venskapet har Pasternak bore med seg resten av livet like inn i den siste timen.Det gjer eit sterkt inntrykk!
Marina Tsvetajeva er nok ikkje så godt kjent utanfor Russland , men er omsett til engelsk og nyleg kom ei norsk gjendikting  av nokre av dei sentrale dikta hennar ved  Jo Eggen. Marinas liv er spennande men og djupt tragisk. Ho vart fødd i Moskva i 1892, mora var pianist, faren historieprofessor. Foreldrene døydde tidleg frå Marina og søskena. Ho var kunstnarisk og intellektuelt bråmoden og debuterte 18 år gammal med diktsamlinga "Kveldsalbum".Seinare kom ei rad bøker, hovudsakleg poesi og ho vert rekna som ein fornyar av den russiske poesien. Ho møtte aldri Rilke men brevveksla med han og som eg tidlegare har teke med på denne bloggen skreiv han eit av sine siste dikt til Marina.
Ho levde eit omflakkande liv saman med ektemannen Efron, dels i Russland, dels i eksil i Vest-Europa. Lenge var dei busett i Paris, der Efron frå å vera sympatisør med dei "Kvite" under borgarkrigen gjekk over til å bli agent for sovjetstyret. Han og dottera deira drog tilbake til Sovjet, medan Marina var igjen i Paris. Her vart ho  utstøytt av emigrantrussarane. Ho skriv ein stad at ho følte seg som raud blant dei kvite, og kvit blant dei raude.
Etter kort tid føl Marina resten av familien tilbake til heimlandet, utan å ana kva brutalitet som ventar henne og dei næraste. Efron blir snart arrestert og henretta som spion, dottera Alja blir sendt til Gulag der ho først slepp ut etter Stalins død. Marina er igjen utstøytt og absolutt åleine, ingen bryr seg kanskje med unntak av Pasternak. I 1941 tek ho livet sitt, totalt einsam omgjeve av eit  av dei mest hensynsløyse regime verda har sett.
Absolutt ingen føl henne til grava !
På sekstitalet blir Marina gjenoppdaga og får etter kvart sin rettmessige plass som ein av dei store i russisk litteraturhistorie.Dikta hennar vert tonesatt av både Dmitrij Sjostakovitsj og Sofia Gubaidulina. Forfattaren Josif Brodskij skriv begeistra om henne. Som ung skriv ho eit lite dikt som sånn sett føregrip framtida.

Dikta mine, tidlig skrivne, utan
at eg visste eg var poet
dei reiv seg laus som springvatnspruten,
som gneistene frå ein rakett,

Til røykelse og søvn, i  heilagbrøde,
slo dei dørene, som smådjevlar, i knas,
mine dikt om ungdommen og døden
-dikt som ingen las!-

Nå ligg dei slengt i støv i magasina
(der ingen tok og ingen tar i slikt!)
men tida kjem for dei, som edle vinar,
for mine dikt.


http://sv.wikipedia.org/wiki/Marina_Tsvetajeva


Russisk postkort og frimerke til minne om Marina på hundreårsdagen i 1992.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar