torsdag 13. oktober 2011

Theresienstadt

Gøran von Otter, far til den svenske messosopranen Anne Sofie von Otter (f.1955) var svensk diplomat  i Berlin under andre verdskrigen. Dattera fortel at faren ei natt under ei togreise vart oppsøkt av Kurt Gerstein, SS offiser og ingeniør med ansvar for giftgassen som vart nytta i utryddingsleirane. Gerstein fortel om det som går føre seg  til von Otter, og ber han bringa det vidare til det svenske utenriksdepartementet. Von Otter rapporterar det han har fått vita til sine overordna i departementet, men blir møtt med liten interesse. Anne Sofie opplyser at dette går sterkt inn på faren og tynger han resten av livet.
Kankje har dette vore med på å inspirert henne til å gje ut musikk frå Theresienstadt i samarbeid med Bengt Forsberg, Christian Gerhaher og Daniel Hope  på Deutsche Grammophon i 2007.                               CD`en  "Terezin/Theresienstadt" innheld musikk skapt og framført av jødiske musikarar som var internert i konsentrasjonsleiren nord for Praha. Jødane i Theresienstadt vart gjeve ein viss fridom til kulturell utfalding, men dette var bare ledd i tysk propaganda overfor  inspektørar frå "Røde kors." I realiteten var Theresienstadt bare ein mellomstasjon før den endelege transporten til Auschwitz.
Anne Sofie von Otter har samla variert musikk, dels viser og kabaresongar, dels meir seriøs musikk av etablerte komponistar som Erwin Schulhoff, Hans Krasa og  Viktor Ullmann.
Men det som gjer sterkast inntrykk er songane til Ilse Weber(1903-44). Sjukepleiaren som tok seg av barna i Theresienstadt, men  ho skreiv og meir enn 60 dikt og sette tone til fleire av dei. Ho reiste frivillig i døden saman med barna ho tok seg av, og  det vart fortalt at ho sang voggevisa  "Wiegala" for dei jødisk borna i gasskammeret.


Voggesongen til Ilse Weber som ho sang for dei jødiske borna i gasskammeret:
                                           
Ilse Weber: Wiegala
Wiegala, wiegala, weier,
der Wind spielt auf der Leier.
Er spielt so süß im grünen Ried
Die Nachtigall, die singt ihr Lied.
Wiegala, wiegala, weier,
der Wind spielt auf der Leier.

Wiegala, wiegala, werne
der Mond ist die Lanterne,
er steht am dunklen Himmelszelt
und schaut hernieder auf die Welt.
Wiegala, wiegala, werne,
der Mond ist die Lanterne.

Wiegala, wiegala, wille,
Wie ist die Welt so stille!
Er stört kein Laut die süße Ruh,
schlaf, mein Kindchen, schlaf auch du.
Wiegala, wiegala, wille,
Wie ist die Welt so stille!





Vi går gjennom det jødiske museet i Praha der det mellom anna er utstilt mange barneteikningar frå
Theresienstadt.
Eit av dei har eg tek med her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar