onsdag 4. mai 2011

Den heilage Monika

4.mai er den gamle festdagen for Den heilage Monika, mor til kyrkjefaren Augustin. Dagen vart feira før 5.mai som var dagen for Augustins omvending. Seinare vart festdagen for Monika flytta til 27.august dagen før festdagen for Augustin. Men dagen i dag er altså den opprinnelege Monika dagen. Den heilage Monika er skytshelgen for mødre, og det er som Augustins fromme og oppofrande mor ho er kjent. Ho vart fødd i ein kristen familie i Tagaste på den nordafrikanske kysten ca 332.Augustin gav henne  mange sorger i oppveksten ,men då han i løyndom drog til Roma i 383 reiste ho etter.Frå Roma drog ho til Milano der ho vart kjent med kyrkjefaren Ambrosius. Hennar uthaldande bøner bar etter kvart frukt, Augustin lot seg omvenda og døypa i år 387. Kort tid etter døydde ho i Ostias på veg tilbake Nord Afrka . Augustin har skildra alt dette i "Bekjennelser", den første " moderne sjøvbiografi."
Den heilage Monika er blitt eit nærast mytisk bilete på den uthaldande og oppofrande mor som aldri gjev opp å få sitt barn på rett kjøl igjen. Slik har ho blitt halde levande gjennom hundreåra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar