Messe i Stephansdomen i Wien midt på dagen ein torsdag i mai. Fint å vera i dette storslåtte kyrkjerommet.
På veg inn fell blikk mot taket der den unge slovenske kunstnaren (f. 1983) Eva Petric har stilt ut tre installasjonar skapt i kniplingsteknikk. Tittelen er "Glaube- Hoffnung-Liebe", "Belief-Hope-Love ",
"Tru-Von-Kjærleik".
I eit intervju seier ho at. " Mine kniplings-installasjonar uttrykkjer idear om strukturelle samanhengar som komponentar i menneskeheten, men og sosiale, psykiske og biologisk fenomen i kroppane våre. Vi er ikkje bare det vi kan oppfatta, men enno meir det som er skjult for augene våre. Vi er mange føregåande generasjonar, kjensler og minner. Desse blir ikkje bare gjeve vidare i genene våre, men manifesterar seg og i det kollektive umedvitne, i draumar, ønske, og bilete av arketypar. Alt dette i forsøka våre på å nå "Eden" - einskapen av kjærleik, tru og von."
Ho vonar at kunsten hennar talar i eit universelt språk som kan bli forstått av alle som vitjar Stephansdomen uansett kvar dei kjem frå i verda. Det er nærliggjande å tru det eller iallfall vona på det når vi går inn i ei felles framtid.
søndag 15. mai 2016
Pinsefesten
Første Pinsedag. Vi feirar Den heilage Ande som kom til apostlane som var samla i Jerusalem og dermed la grunnlag for den Kyrkja vi dag er ein del av.
Under feiringa av messa i dag song vi den vakre salmen "Den blomstertid nå kommer" av den svenske presten Israel Kolmodin og omsett til norsk av Landstad. Kolmodin skal ha blitt inspirert til å skriva denne salmen då han ein midtsommardag i 1694 var på veg for å preike i Gahn på Gotland. Skreve til midtsommar men passar like godt til pinse, og står i salmeboka under pinse.
Under feiringa av messa i dag song vi den vakre salmen "Den blomstertid nå kommer" av den svenske presten Israel Kolmodin og omsett til norsk av Landstad. Kolmodin skal ha blitt inspirert til å skriva denne salmen då han ein midtsommardag i 1694 var på veg for å preike i Gahn på Gotland. Skreve til midtsommar men passar like godt til pinse, og står i salmeboka under pinse.
- Den blomstertid nå kommer
med lyst og glede stor,
den kjære, lyse sommer
da gress og grøde gror.
Nå rører solens armer
ved alt som før var dødt,
de blide stråler varmer
og alt på ny blir født. - De fagre blomsterenger
og åkrer rad på rad,
de grønne urtesenger
og trær som skyter blad,
hver blomst, hver spire minner
oss om å ta imot
det lys som alltid skinner
fra Gud, vår Skaper god. - Vi hører fugler sjunge
med herlig jubellyd!
Skal ikke da vår tunge
lovsynge Gud med fryd?
Min sjel, opphøy Guds ære
med lov og gledesang!
Han vil oss nådig være
som før så mang en gang. - Gud signe årets grøde
i alle verdens land!
Gud gi oss daglig føde
fra jord og hav og strand,
og hjelp oss du å dele
med andre det vi har,
vårt liv, vår jord, det hele
er ditt, vår Gud og Far! - Du kjære Herre Kriste,
du sol med klarest skinn,
la hjerte-isen briste
og smelte i vårt sinn!
La dine budord følges,
og mett oss med ditt ord,
la nådens lys ei dølges
for oss på denne jord!
torsdag 5. mai 2016
Poetica:Vakne
" Vakne midt på natta
enno er det heilt lyst
midnattssola i lauverket utanfor
ingen lydar, ingen uro
det er heilt, heilt stille
og ingen ved sida
likevel ei kjensle av noko anna
som eit svakt sus i sommarnatta
er det nokon der ?
nokon som gjekk lydlaust forbi
og rørte så vidt ved den sovande
hjarta som slår så langsamt
regelmessig og ventande
berre eit slag eller to ekstra
og så er svevnen borte
ikkje brått, ikkje med støy og uro
men det er som sin dukkar opp
frå ein lunka og blikkstille sjø
så vil den sovande undrast:
Går det an å vakna av ein større ro
enn det den draumelause svevnen gjev?"
enno er det heilt lyst
midnattssola i lauverket utanfor
ingen lydar, ingen uro
det er heilt, heilt stille
og ingen ved sida
likevel ei kjensle av noko anna
som eit svakt sus i sommarnatta
er det nokon der ?
nokon som gjekk lydlaust forbi
og rørte så vidt ved den sovande
hjarta som slår så langsamt
regelmessig og ventande
berre eit slag eller to ekstra
og så er svevnen borte
ikkje brått, ikkje med støy og uro
men det er som sin dukkar opp
frå ein lunka og blikkstille sjø
så vil den sovande undrast:
Går det an å vakna av ein større ro
enn det den draumelause svevnen gjev?"
Kristi Himmelfartsdag
Frå ei preike av Augustin for dagen i dag: " Han forlot ikke himmelen da han steg ned til oss,han forlot ikke oss da han igjen steg opp til himmelen. For han vitner selv om at han var der, samtidig som han var her, ved å si: " Ingen er steget opp til himmelen, unntagen han som er steget ned fra himmelen, Menneskesønnen, han som er i himmelen". Dette sier han på grunn av den enhet som finnes mellom oss og ham, for han er vårt hode og vi er hans legeme".
William Blakes dikt "Holy Thursday" frå 1794
William Blakes dikt "Holy Thursday" frå 1794
lørdag 23. april 2016
Shakespeare 400 år
William Shakespeare, i dag er det 400 år sidan han døydde. Få om knapt nokon er så levande 400 år etter sin død og kanskje like aktuell no som i si samtid ? For det er dei evige, allmennmenneskelege tema han tek opp i diktinga si. Vi kan kjenna oss igjen i hans skildring av dette kompliserte livet, alle irrgangar og blindvegar, ikkje minst den svikefulle kjærleiken som gjev den største nyting og den største sorg. Skodespela:"Hamlet", "En midtsommernatt drøm", "Romeo og Julie", "Stormen" osv. men det er særleg poesien eg set pris på, sonettene. Min favoritt er sonett nr. 18, "Shall I compare thee to a summer`s day", men den har eg sitert tidlegare på denne bloggen, difor tek eg med nr.60, "Like as the waves make towards the pebbled shore". Det handlar om det forgjengelege, om tida som sluker alt, men diktinga, poesien kan likevel løfta oss utover timane som "hasten to their end."
"Like as the waves make towards the pebbled shore,
So do our minutes hasten to their end;
Each changing place with that which goes before,
In sequent toil all forwards do contend.
Nativity, once in the main of light,
Crawls to maturity, wherewith being crown’d,
Crooked eclipses ’gainst his glory fight,
And Time that gave doth now his gift confound.
Time doth transfix the flourish set on youth
And delves the parallels in beauty’s brow,
Feeds on the rarities of nature’s truth,
And nothing stands but for his scythe to mow:
And yet to times in hope my verse shall stand,
Praising thy worth, despite his cruel hand."
"Like as the waves make towards the pebbled shore,
So do our minutes hasten to their end;
Each changing place with that which goes before,
In sequent toil all forwards do contend.
Nativity, once in the main of light,
Crawls to maturity, wherewith being crown’d,
Crooked eclipses ’gainst his glory fight,
And Time that gave doth now his gift confound.
Time doth transfix the flourish set on youth
And delves the parallels in beauty’s brow,
Feeds on the rarities of nature’s truth,
And nothing stands but for his scythe to mow:
And yet to times in hope my verse shall stand,
Praising thy worth, despite his cruel hand."
I Erik Bystads omsetjing til norsk:
"Som bølger slår imot en stenet strand
slik haster våre timer mot sin slutt,
en ny må følge den som nådde land
i stadig jaging fremad, hvert minutt.
Et barn , født inn i lysets eterhav,
vil kravle, modnes, nå til livets topp,
men mot all glans står skjebnens dystre krav,
og alt hva Tiden ga, vil tæres opp.
Ja, tiden trenger inn i ungdomsprakt,
og risser rynker inn i vakre drag.
Den største sjeldenhet blir ødelagt,
og intet holder stand mot ljåens slag.
Men diktet til din pris skal ved sin ånd
bevare deg, tross Tidens hårde hånd."
onsdag 20. april 2016
Totus Tuus, Tromsø april 2016
Retrett i karmelittklosteret Totus Tuus i Tromsø i eit enno vinterleg Tromsø. Fire nye frå ulike deler av landet som saman med oss i Profeten Elias fraternitet delte livet i Karmel for eit par dagar. Karmelittbroder Julius fra Polen og cisternciensermunk Joel frå klosteret på Munkeby feirer messe og held retrett for nonnene.
"Livet i Karmel er enkelt. Det er ikkje snakk om å gjera ein masse ting for Kyrkja og for Gud. Det er bare snakk om å elska mykje. Dette er ditt kall. Som Therese av Jesusbarnet skreiv: "Eg forstod at Kyrkja har eit hjerte og at dette hjerte brenn av kjærleik. Eg forstod at einaste kjærleiken kan få Kyrkjas lemmer til å handla......... I mi mor Kyrkjas hjerte skal eg vera kjærleiken". Med andre ord: bare kjærleiken gjer at Kyrkja blir ei levande Kyrkje. Det er som med kroppen. Utan blod fungerar ikkje hjertet."Martinus Martin, karmelitt i preike til ei karmelittnonne som avlegg sine første løfter.
søndag 10. april 2016
Poetica:Læresveinane ved Tiberiassjøen
Vi er alt eit godt stykke ut i påsketida, som er feiringa av oppstoda fram til pinsedagen. Dagens evangelietekst er frå slutt-kapittelet (21) i Johannesevangeliet der læresveinane dreg opp det tomme garnet, og blir instruert av den oppstandne Jesus om å kasta garnet ut på høgre side av båten. Når dei kjem til lands er det det eit bål der, fisk og brød ligg på glørne. Jesus seier:" Kom og få mat!" Dei forstår at det er Herren når han tek brødet og fisken og gjev det til dei ! Eit sentralt kapittel som peikar fram mot feiringa av eukaristien.
" Vi blir med deg vi og
så gjekk dei alle ned mot stranda
steig i båten skauv i frå
glei med lette tak mot morgongryet
slapp nota ut frå ripa
men då dei snudde var ho lett
å dra ombord igjen
prøv andre sida
sa ha som stod på stranda
dei trudde det han sa
og slik vart nota fylt
med sølvblank fiskestim
på stranda lyste bål
med sprøsteikt fisk
og brød på glør.
Kom de som streva natta lang
del dette måltid med meg i dag!
Å glede - takksemd
får også vi vår del !
Abonner på:
Innlegg (Atom)


