torsdag 5. mai 2016

Poetica:Vakne

" Vakne midt på natta
enno er det heilt lyst
midnattssola i lauverket utanfor
ingen lydar, ingen uro
det er heilt, heilt stille
og ingen ved sida
likevel ei kjensle av noko anna
som eit svakt sus i sommarnatta
er det nokon der ?
nokon som gjekk lydlaust forbi
og rørte så vidt ved den sovande
hjarta som slår så langsamt
regelmessig og ventande
berre eit slag eller to ekstra
og så er svevnen borte
ikkje brått, ikkje med støy og uro
men det er som sin dukkar opp
frå ein lunka og blikkstille sjø
så vil den sovande undrast:
Går det an å vakna av ein større ro
enn det den draumelause svevnen gjev?"







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar