mandag 16. november 2026

Pave Leo i Latin-Amerika

 Bare vel ein månad etter operasjon for lungekreft la pave Leo ut på den lenge planlagte reisa til Latin-Amerika. Eit hektisk program gjennom tre land, Uruguay, Argentina, og til sist Peru som han karakteriserar som sitt «homeland».Han såg ikkje ut til å bli sliten, og synest å gleda seg storleg over denne reisa.Over alt vart han møtt av begeistra folkemengder, og feira messe med fleire millionar tilstades. Peru var nok høgdepunktet for paven som var i landet i 22 år og har peruviansk statsborgarskap. Han gav klart uttrykk for at tilbaketuren til Peru og spesielt Chiclayo der han var biskop frå 2015- 2023 gjorde eit sterkt inntrykk. Paven vart tydeleg emosjonell i møte med folk i sitt gamle bispedømme. «I dag forstår eg kor mykje dette landet er med meg, og kor mykje av min eigen historie som tilhøyrer dykk» uttrykte pave Leo under vitjinga i Peru.

I Peru var over 300.000 ungdomar samla til bønnevigilie med paven.Han tala om kalla og sa at Kristi liding viser veg til kallet dykkar.Å kjenna igjen Herrens røyst er essensielt i denne samanheng. Om kall sa han: « Han vil kalla nokon til konsekrert liv, andre til ekteskap og familie.Men alle er kalt til med sine evner å tjena andre.»

Paven er klar i sin tale mot alt som trugar menneskeverdet, fattigdom og undertrykking, øydelegging av naturgrunnlaget, åtak på livet til ufødte og sjuke og skrøpelege, nedvurdering av ekteskapet.Men like klar er han på at Kyrkja er open for alle:

«To each of you I would like to say there is a place for you in the Church with your questions, your wounds and your story. This is your home too!»



                                 Foto:katolsk.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar