søndag 10. april 2016

Poetica:Læresveinane ved Tiberiassjøen

Vi er alt eit godt stykke ut i påsketida, som er feiringa av oppstoda fram til pinsedagen. Dagens evangelietekst er frå slutt-kapittelet (21) i Johannesevangeliet der læresveinane dreg opp det tomme garnet, og blir instruert av den oppstandne Jesus om å kasta garnet ut på høgre side av båten. Når dei kjem  til lands er det det eit bål der, fisk og brød ligg på glørne. Jesus seier:" Kom og få mat!" Dei forstår at det er Herren når han tek brødet og fisken og gjev det til dei ! Eit sentralt kapittel som peikar fram mot feiringa av eukaristien.


" Vi blir med deg vi og
så gjekk dei alle ned mot stranda
steig i båten skauv i frå
glei med lette tak mot morgongryet
slapp nota ut frå ripa
men då dei snudde var ho lett
å dra ombord igjen
prøv andre sida
sa ha som stod på stranda
dei trudde det han sa
og slik vart nota fylt
med sølvblank fiskestim
på stranda lyste bål
med sprøsteikt fisk
og brød på glør.
Kom de som streva natta lang
del dette måltid med meg i dag!
Å glede - takksemd
får også vi vår del !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar