søndag 15. mai 2016

Glaube-Hoffnung-Liebe

Messe i Stephansdomen i Wien midt på dagen ein torsdag i mai. Fint å vera i dette storslåtte kyrkjerommet.
På veg inn fell blikk mot taket der den unge slovenske kunstnaren (f. 1983) Eva Petric har stilt ut tre installasjonar skapt i kniplingsteknikk. Tittelen er "Glaube- Hoffnung-Liebe", "Belief-Hope-Love ",
"Tru-Von-Kjærleik".
I eit intervju seier ho at. " Mine kniplings-installasjonar uttrykkjer idear om strukturelle samanhengar  som komponentar i menneskeheten, men og sosiale, psykiske og biologisk fenomen i kroppane våre. Vi er ikkje bare det vi kan oppfatta, men enno meir det som er skjult for augene våre. Vi er mange føregåande generasjonar, kjensler og minner. Desse blir ikkje bare gjeve vidare i genene våre, men manifesterar seg og i det kollektive umedvitne, i draumar, ønske, og bilete av arketypar. Alt dette i forsøka våre på å nå "Eden" - einskapen av kjærleik, tru  og von."

Ho vonar at kunsten hennar talar i eit universelt språk som kan bli forstått av alle som vitjar Stephansdomen uansett kvar dei kjem frå i verda. Det er nærliggjande å tru det eller iallfall vona på det når vi går inn i ei felles framtid.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar