onsdag 4. november 2026

Gjensyn

 Det er noko spesielt med det å møtast med dei du hadde tett kontakt med for lenge sidan, og no ikkje har sett på mange år,  ja kanskje ikkje sidan vi delte klasserom i ei fjerne fortid.Fredag 30.oktober samlast vi til feiring av at det var 50 år sidan vi var ferdig på Kvinnherad gymnas. Vi var to klassar, realfagslinje og engelsklinje som var i hop til dagleg gjennom tre år.Det var ikkje så mykje til russefeiring samanlikna med i dag, men vi var på fleire morosame turar, mellom anna ei veke i storbyen London. No samlast 24 av oss på Dyvekes vinkjellar i Hollendargata i Bergen. Litt spent på førehand, ville vi hugsa navn og kjenna igjen desse kullingane? Vi fann tonen nokså snart, det var bare å halda fram der vi avslutta sist for ti år sidan! Kvelden vart på alle måtar vellukka, vi kunne stiga ut av tidas overveldande straum for eit par timar. Samstundes var det denne rare vedmodskjensla, særleg med tanke på dei seks som ikkje lenger er mellom oss, og dei som ikkje kunne koma pga. sjukdom.

Eg hadde førebudd meg litt og tatt kontakt med både lærarane våre og ein del av dei som ikkje hadde høve til å delta. Det vart det sett stor pris på! Eg las opp ein tekst eg skreiv i 2007  til eit anna jubileum, og avslutta med ein skål for dei som ikkje var til stades og som var ein del av klassane våre. Dessutan for dei som prøvde å læra oss å bli gangs menneske som ein av lærarane formulerte det.



Bergen viste seg frå si beste side med strålande haustver denne helga.


                        Gjensyn

                        Så no er vi her igjen

alle vi som prøver

å løyna oss for tida

vi som vil strekkja hendene

over ordlause kløfter

for å sjå kvarandre att

dei same hendene som

løfta glasa den gongen

og om igjen no

denne regnfulle første haustdagen

dei same augene som funkla

i ungdommeleg glede

og no i middelaldrande  tvisyn

                     stemmene som tek opp orda

                     der dei slapp for lenge sidan

                     ein halvt fullført setning

                     som har overlevd i tid-romet

                     og no blir henta ned igjen og avslutta.

 

                     Når vi neste morgen tek farvel

                     sluttar orda igjen midt i siste setning

                     ventande på fortsetjinga

                     dersom vi møtest igjen

                     men vinen er like raud og varmande.

 

             Skål mine vener !           

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar