søndag 8. november 2026

Den heilage Elisabeth av Treeininga

 I dag 9. november feirar vi minnedagen for Den heilage Elisabeth Catez, karmelittnonne frå Dijon i Frankrike. Ho er betre kjent under sitt klosternavn Elisabeth av Treeininga. Ho døydde denne dagen i 1906, etter eit kort liv berre 26 år gammal. Ho gjekk inn i karmelittklosteret i Dijon i 1901, og var der fram til ho døydde. Ho vart saligkåra av pave Johannes Paul i 1984, og heilagkåra  av pave Frans i 2016. I samband med saligkåringa uttrykte pave Johannes Paul : " Vi våger i dag å presentere henne for verden. Den salige Elisabeth stråler som et nytt lys for oss. En sikker og pålitelig veileder stiller seg til vår tjeneste."

Elisabeth var eit temperamentsfullt barn med mange talent. Ho var svært musikalsk og mora hadde nok sett for seg ein karriere som konsertpianist. Slik vart det ikkje, alt ved første kommunion  følte Elisabeth seg dratt mot det indre livet i stillhet og bøn. Det vart enno klarare etter ferminga, og vidare gjennom ungdomsåra. Karmelittklosteret låg bare eit par hundre meter frå heimen i Dijon, og Elisabeth følte kall til å bli karmelittnonne. Mora som tidleg vart enke sette seg imot dette, Elisabeth var lydig, men levde i åra fram til ho vart karmelittnonne eit karmelittisk liv i heimen. I august 1901 er Elisabeth nylig fylt 21 år, og  mora går med på at ho trer inn i karmelittklosteret. Ho blir her i fem år fram til ho  døyr  av Addisons sjukdom (sannsynlegvis tuberkuløs). Dødsleie er langt og smertefullt, men ho klarer å behalda gleden og tilliten til Guds nåde. Ho lever eit intenst indre liv der bøna heile tida er ein nåde som blir gjeve henne. 

Elisabeth fekk klosternavnet av Treeininga, og hennar ønske er å hjelpa alle menneske inn i Treeiningas midte, og porten inn der er Jesus Kristus. Kardinal Anders skriv om dette: " Hun elsket å betrakte Kristi sjel. I hans indre så hun to bevegelser: en som gikk mot Faderen og en som gikk mot menneskene. Faderens forherligelse og menneskenes frelse, det var dette hele hans liv dreiet seg om. Gjennom sitt liv i Kristus blir dette mer og mer også Elisabeths virkelighet. Ja, disse to bevegelser sammenfaller til en eneste bekreftelse av Guds vilje. Likesom Maria gir Elisabeth sitt uforbeholdne ja."

 Heilage Elisabeth be for oss !

Mitt foto. Bok fra Efrem forlag med tekster av Elisabeth og forord av kardinal Anders Arborelius.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar