små born og det føles difor ekstra tungt. Eit par månadar tidlegare var eg i gravferda til ein ven (sjå tidlegare blogginnlegg:"Når ein ven døyr" ) Han døydde ein søndag midt på dagen etter lang tids sjukdom.
Eit par dager etter får eg greie på at i same stunda som han døyr, har eg tent eit lite lys for han
framom Maria alteret. Eit lite teikn som eg ber med meg heile denne hausten , og det er der og denne mørke desemberdagen. Etterpå kan eg gå heim og skriva "Haustbøn", i vissa om at mørkret ikkje skal sigra til slutt.
"Mørkret er så nær, så nær oss
det er som det budde inst inne i oss
som om det kom derifrå
strøymande ut av djup
vi aldri skulle kunna kjenna
Mørkret fylt av regn
blanda uløyseleg i dette gjennomvåte
døden som eit anna ord
uforståeleg, lik ei fjern mumling
så - ei hand som stryk
varleg over den dogga ruta
eit ømt teikn
åleine – aldri åleine
Å Maria ! Du mor i regn og mørkre.
Du mor i død og natt.
Høyr nådig bønene vår.
Bønhøyr oss."
Ein kan verkeleg trenge ei Haustbøn,i storm og stille.Finfin.
SvarSlettMarieklem