torsdag 21. november 2013

"Aldri andre enn du"

"Aldri andre enn du trass i stjernene og einsemda
Trass i at tre blir skamferte når natta fell på
Aldri andre enn du skal følgja din veg som er min veg
Skuggen din blir lengre jo lenger vekk du er
Aldri andre enn du skal hylle havet i morgongryet når eg,
trøtt av å ta feil, kjem ut av dei mørke skogane
og neslekratta og går mot skummet
Aldri andre enn du skal legge handa på panna mi
og over auga
Aldri andre enn du, og eg fornektar løgn og utruskap
Dette skipet til ankers du kan kutta trossa
Aldri andre enn du
Den fanga ørna i eit bur gneg sakte på gitteret
av irra kopar
For eit tidsfordriv !
Det er søndag nattergalen syng i dei mjukgrøne skogane
Småjentene keiar seg ein kanarifugl hoppar
omkring i eit bur mens sola langsamt flyttar den
tynne linja si over eit varmt fortau i den tome gata
Me skal gå over andre linjer
Aldri aldri andre enn du
Og eg åleine som den visnande eføyen i
ein hage i utkanten av byen åleine som glaset
og du aldri andre enn du."

"Aldri andre enn du" er eit av dei mange kjærleiksdikta til den franske poeten Robert Desnos. Her i norsk omsetjing av Finn Øglænd.
Det er noko med stemninga det avspeglar som talar til meg. Einsemda og det mørke, men så  brått sola som flyttar seg over fortauet ein varm søndags- ettermiddag, og der er du, aldri andre enn du !
Robert Desnos vart fødd i Paris i 1900, han publiserte dikt alt som tenåring. Etterkvart vart han ein del av det surrealistiske miljøet saman med poetar som Aragon, Breton og Eluard. Han braut etterkvart med dei då han var usamd med deira politiske engasjement i kommunistisk retning.
Under krigen var han aktiv i motstandsrørsla og vart arrestert av Gestapo i 1944, han døydde året etter i konsentrasjonsleiren Theresienstadt. Desnos blir rekna som ein av dei store i fransk mellomkrigslitteratur, og etter krigen er mange av dikta hans sett musikk til.
Robert Desnos var ein mann med heilt uvanleg utstråling. Det blir fortald ei historie om han frå Auschwitz der han først vart internert. Desnos er del av  ei gruppe fangar som er på veg for å bli henretta. Brått spring Desnos fram og grip handa til ei kvinne og byrjar å spå henne i handflata, han uttrykkjer at ho har eit langt og lukkeleg liv framfor seg. Dette grip om seg, dei andre fangane kjem og med handflatene sin, alle blir spådd eit langt og lukkeleg liv. Vaktene blir forvirra og det heile ender med at fangane blir kjørt tilbake til brakkene. Desnos vart aldri henretta men døydde av sjukdom året etter.
Ei tilsynelatande surrealistisk hending men kanskje  og eit uttrykk for Desnos grenseoverskridande
fantasi og utstråling ?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar