Niebios Przeczysta Krolowo , Himmeldronning, du reinaste
Ty zawsze wspieraj mnie Kom meg alltid til hjelp
Zdeowas Mario Hill deg Maria
Denne bøna vart rissa inn på celleveggen av den attenårige Helena Wanda Blazusiakowna som sat i Gestapos fengsel i Zakopane. Komponisten Henryk Gorecki nyttar teksten i sin tredje symfoni( Dei sorgfulle songars symfoni)
Den svarte Madonna i Czestochowa, Polens evige dronning.
Gråt ikkje lenger
"Det djupaste mørkret er ikkje innanfor men utanfor,heller ikkje den største fortvilinga,
eller den gjennomtrengande kulden,
celleveggen er verda di Helena,
det er få timar att,
alt skal fullendast,
tårene er ikkje for deg,
men for dine kjære.
Natta er deira, dagen er din,
aldri åleine.
No løftar du dei folda hendene dine,
kjenner den kalde og fuktige muren,
handflata svir,
med faste rørsler rissar du i murpussen,
nei mor gråt ikkje
for Himmeldronninga vil alltid ta vare på meg."
Lenke til Henryk Gorecki Symfoni nr. 3:
http://www.youtube.com/watch?v=R90vDLHGs1Q
Takk for link til nok eit nydelig musikkstykke :)
SvarSlett