tirsdag 29. oktober 2013

Sr Sofies " Stairway to heaven"

Det er konsert  med Led Zeppelin i Kungliga Tennishallen i Stockholm, året er 1973 og den trettenårige  Sofie Hamring sit lengst bak og lytter til vokalisten Robert Plant som syng ” And she`s buying a stairway to heaven”. På dette tidspunktet hadde ho ingen aning om kva ordet himmel betydde. ” Betydde i alla fall ingenting för mig i denna stund. Kunde inte ana, där i min ofattbara tomhet, att jag en gång skulle ställas inför en sådan trappa mot himlen. Och börja gå.”  Det er utgongspunktet og tittelen på Sofies historie om si indre og ytre reise, ”Stairway to heaven” med undertittelen ”En andlig resa”.  Ja det er primært ei andeleg reise sjølv om det og er ei ytre reise på mange kontinent. Sofie reiser og søkjer sanninga, det er ei reise med mange omvegar,men  ein kan godt røpa at ho til slutt finn sanninga og den djupe indre freden. Sr. Sofie O.P. sjølvbiografiske bok kom ut på Artos forlag i forige månad, då eg oppdaga boka i Artos katalogen visste eg at denne boka måtte eg bare lesa. Det blei ei stor og trusstyrkande oppleving. Sr. Sofie skriv om livet sitt på ein så ærleg og likefram måte, og her er så mykje å kjenna seg igjen i for alle som har gått litt av den same vegen i det same tidsromet.
Sofie Hamring veks opp i Stockholm på 60-og 70-talet som ein vanleg svensk ungdom, men kanskje ikkje heilt vanleg for ho er meir søkjande og uroleg enn dei fleste. Ho fullfører gymnaset og bur så i kollektiv eit år før ho set kursen mot Asia, først til Kibbutz i Israel deretter ei lang rundreise i India og Nepal. Ho søkjer til austleg religion, blir grepen av yoga og meditasjon, men er og innom Mor Teresa søstrene i Calcutta utan å få det store utbyte av det. Sofie kjem heim til Sverige igjen, fordjupar seg i yoga og alternativ medisin men tek og utdanning som sjukepleiar før ho set kursen mot Australia. Undervegs får ho kristne impulsar utan heilt å ta dette inn over seg. Tilbake i Sverige opplever ho eit djupt personleg og andeleg mørke. ”Alla vägar var stängda, både himmelen og jorden……… Jag befann mig i nattsvart ångest, som i et hål. Dømd på livstid i en isoleringscell.”  Men mørke tek slutt for Sofie, ho gjev seg til slutt over til sanninga. ” Jesus hade bara väntat på det. Han ställde sig upp i mitt livs båt, och sa til vinden och vågorna: Tyst, var stilla. Och det blev en stor frid.”
 Sofie er har enno ikkje nådd sitt endeleg mål. Kvar skal ho gå med si hardt tilkjempa tru?  Den heilage  Ande leiar henne vidare med god hjelp av menneske, ho skriv: ” Så enkelt blev det til slut. Där och då bestämde jag mig för att bli katolikk, innan jag läst så mycket som en paragraf av någon katekes eller något kompendium i katolsk troslära.” Vissa om at Den heilage Ande hadde leia henne der ho skulle vera var nok.
Sofie har tilsynelatande funne sin plass, men  uroen slepp ikkje taket : Har Gud større oppgåver for henne ?  Enno er det kriser , mørke netter og forvirring ho skal gå igjennom før ho når fram. Ho søkjer seg til kloster i Frankrike men finn seg ikkje heilt til rette, ho prøver seg ho karmelsøstrene i Glumslöv men heller ikkje det er hennar plass. Br. Wilfrid hos karmelbrødrene i Norraby gjev henne uvurderleg vegliing i denne prosessen.
Sofie Hamring finn sin plass til slutt hos dominikanersøstrene i Rögle utanfor Lund, ho blir Sr.Sofie O.P. Det er ei fantastisk reise Sr.Sofie tek oss med på, det som gjer sterkast inntrykk er det mønster ein finn i alle vegar og omvegar ho går på, Den heilage Ande leiar henne trygt heile vegen. Fleire gonger undervegs kjem ho inn på korleis Gud har spart henne for freistingar og ulukker. Og til slutt:  ” Dette blev frukten av min resa: en djup visshet om at jag skulle ge mitt liv helt til Kristus, att jag tilhörde honom och at dette var min djupaste glädje.”
”A stairway to heaven” , ja men trappa held fram vidare oppover. ”Tonen klingar vidare i nya slingor. Och den resan i klosteret har knappast varit mindre spännande än resan dit” avsluttar Sr. Sofie.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar