Retten til tanke og trusfridom er ein grunnleggjande menneskerett som er garantert i FN erklæring om menneskerettar. Dessverre ser det ut til at denne retten i aukande grad blir krenka i mange land rundt om i verda. Det er nok å minna om dei siste månadars mediaoppslag frå Syria, Egypt og Pakistan.
I eit par år har det blitt arrangert fakkeltoget i norske byar til støtte for for forfølgde kristne. Organisasjonane "Åpne dører" og "Stefanusalliansen" har stått bak dette og i år var det fakkeltog i ni norske byar. I år var det særleg fokus på situasjonen i Nord-Korea, Iran og Pakistan. I Nord-Korea er all religion forbode, og religiøs tru fører til at ikkje berre den truande blir straffa men også familien i tre generasjonar. Iran og Pakistan er andre religiøse grupper enn muslimar tilletne, men trusskifte kan straffast med lange fengselsstraffer eller døden. I desse landa opplever ikkje berre kristne men og muslimske minoritetsgrupper ekstremt sosialt press og dagleg diskriminering. Mange føler seg som annanrangs borgarar i eige land.
For alle desse gruppene betyr det svært mykje at dei opplever ikkje å vera gløymde, men at folk i Vesten heile tida har fokus på deira situasjon.Forbøn vil alltid vera viktig, men og oppmoding til eigne styresmakter om å arbeida politisk og diplomatisk for at menneskerettane blir respektert. Som ein naturleg konsekvens av dette blei det i året overrekt eit opprop til Utenriksdepartementet om " Retten til å ha en tro, skifte tro og utøve tro." Norske styresmakter blir der oppmoda til å legge press på dei aktuelle landa for å letta den diskrimineringa og forfølgjinga som religiøse minoritetsgrupper vert utsett for.
Mange deltok i årets fakkeltog,og vi vonar at det kjem enno fleire til neste år. Fokus på forfølgjing og dikriminering av kristne og andre religiøse minoritetar er noko vi må ha stadig fokus på, ikkje berre denne eine dagen men og resten av året.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar